Troms Og Finnmark Mållag

Troms og Finnmark mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Troms og Finnmark.

I 2022 hadde laget 254 medlemmar.

Historie

1860-1915

Organisert målarbeid i Troms og Finnmark går tilbake til før Noregs Mållag blei skipa i 1906.

Dei første målfolka finn vi ved Tromsø Seminarium alt i 1860-åra. Elias Blix hadde gått ut her i 1855, men møtte ikkje landsmålet før han kom til Kristiania. Det same gjaldt John Klæbo som gjekk ut i 1861. I 1860-62 var Karl Akre elev her. I 1872-74 var Ananias Brune seminarist, og saman gav desse to ut bladet Finnmarkingen i Vadsø i 1875, på landsmål og finnmarksmål. Olaus J. Myrnes (1870-72), Jens Riksheim (1871-73), Peter Karl Eberg Pedersen (1872-74) og Leonhard Næss (1872-74) var også ivrige målfolk mens dei gjekk på Tromsø Seminarium. 17. april 1898 blei mållaget Heimhug skipa ved lærarskolen i Tromsø.

Det første forsøket på å skipe eit regionalt mållag, blei gjort i 1899. 16. juli 1899 blei Nordmannalaget skipa i Tromsø. Det skulle vere eit landsdelslag for Nord-Noreg på line med Austmannalaget og Vestmannalaget. Til leiar blei T. Eidem, Tromsø, valt. Men Nordmannalaget fekk kort levetid.

1915-1921

«Trums Fylkesmaallag» blei skipa på eit ungdomsstemna som Troms ungdomsfylking heldt på Finnsnes 12. juli 1915. Til styre blei vald lærar Ingvald M. Rødvik, Lenvik, formann, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, fylkeskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, Mikal Jakobsen, Årstein i Gratangen, og lærar Peder Johan Hartviksen, Skånland. 29 medlemmar teikna seg straks.

31. juli 1915 heldt fylkesmållaget det første ordinære årsmøtet sitt på Harstad. Fylkesskolelærar Inggjald Leigland frå Lyngseidet blei vald til formann. Med seg i styret fekk han sanitetsmajor Ingjald Reichborn-Kjennerud, som heldt til på Harstad i åra 1911-1918, og sorenskrivar Harald Thomas, som var på Ibestad frå 1915 til 1930. I styret sat i tillegg også Tøger Hagemann, Tromsø, som var skoledirektør i Troms frå 1915 til 1930, og Hans Nicolai Osnes, som var skoleinspektør i Tromsø frå 1914 til 1918.

Det neste ordinære årsmøte med stemna blei halde i Bardu 29. og 30. juli 1916. Styret blei i stor monn attvalt: Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei attvalt til formann. Skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, blei vald til varaformann. Til styremedlemmar blei vald skoleinspektør Hans Nicolai Osnes, Tromsø, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, og sorenskrivar Harald Thomas, Ibestad.

Dei fem første åra blei det halde fleire stemne: eitt stemne i Bardu, to på Finnsnes, eitt i Kvæfjord, eitt på Trondenes, eitt i Sørvika, to i Tromsø og eitt stemne i Øverbygd. På stemna møtte det jamleg 2-300 menneske. Det var alltid gudsteneste på landsmål og eit eller fleire foredrag om målsaka. Dei første fem åra blei det halde rundt 75 foredrag med 9-10.000 tilhøyrarar.

Dei første åra blei det skipa fleire mållag: Finnsnes mållag (1914), mållaget Heimferd, Sørreisa (1914), Måltrasten, Fauskevåg (1917), mållaget Trollvasstind, Svensby (1917), Kvedfjord maallag (1917), mållaget Ruten, Øverbygd (1920). Kvedfjord og Heimferd sovna straks inn. I tillegg meldte fleire ungdomslag seg inn i fylkesmållaget i åra 1915-20: ungdomslaget Fram, Grøtavær, ungdomslaget Soleia, Buvikvoll, Bondeungdomslaget i Tromsø, elevlaget Solhov, Lyngseidet.

Skolestyrar Inggjald Leigland, Lyngseidet, var formann i 1920, og med seg i styret dette året hadde han skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, overlærar Vilhjelm Riksheim, Tromsø, lærar Oluf Nymoen, Fauskevåg, og fylkesskolelærar Ove Normann, Ibestad.

Det blei ikkje kalla inn til årsmøte i fylkesmållaget i 1921, og i praksis blei laget dermed lagt ned. I staden blei Hålogalands målkontor skipa 12. september 1922 skipa, og det var i drift fram til 1940.

1932-1940

I samband med årsmøtet i Troms ungdomsfylking på Bjarkøya 9.juli 1932 blei arbeidet i Troms fylkesmållag tatt opp att, og nytt styre blei valt. Til formann blei vald Sigurd Fauskevåg, Sandtorg. I 1933 tok Norvald Dyrvik over som formann, og deretter var Edvard Ruud, Elgsnes, formann frå 1936. I praksis slutta fylkesmållaget å fungere i 1940.

1947-i dag

Troms fylkesmållag blei oppattskipa på eit møte i Tromsø i 1947, og laget har sidan vore i jamnt arbeid.

I samband med at det blei skipa mållag i Finnmark, og desse blei ein del av fylkesmållaget, endra laget i 1992-93 namnet sitt til Troms og Finnmark mållag.

Leiarar

Formenn i Trums fylkesmaallag 1915-1921

  1. 1915: Ingvald M. Rødvik, Lenvik
  2. 1915-1921: Inggjald Leigland, Lyngseidet

Formenn i Troms fylkesmållag 1932-1940

  1. 1932-1933: Sigurd Fauskevåg, Sandtorg
  2. 1933-1936: Norvald Dyrvik, Evenskjer
  3. 1936-1940: Edvard Ruud, Elgsnes

Leiarar i Troms fylkesmållag frå 1947 til 1992

  1. 1947-1953: Olav Løkse, Finnfjordbotn
  2. 1954-1963: Jens Heim, Balsfjord/Tromsø
  3. 1964-1970: Olav Løkse, Finnfjordbotn
  4. 1971-1972: Johan Nymo, Målselv
  5. 1973-1974: Herolv Olsen, Tromsø
  6. 1975-1976: Kjellaug Jetne, Tromsø
  7. 1977-1980: Ørjan B. Dahl, Tromsø (Målselv)
  8. 1981-1983: Kurt Reinhardt, Målselv
  9. 1984-1986: Herolv Olsen, Tromsø
  10. 1987-1988: Liv Ingebrigtsen, Tromsø
  11. 1989-1991: Bjørnar Østgård, Tromsø

Leiarar i Troms og Finnmark mållag frå 1992 til i dag

  1. 1992-1994: Aud-Kirsti Pedersen, Tromsø
  2. 1994-1998: Steinar Aas, Tromsø
  3. 1998-1999: Trond Trosterud, Tromsø
  4. 1999-2004: Bjørnar Østgård, Tromsø
  5. 2004-2006: Trond Trosterud, Tromsø
  6. 2006-2008: Olaug Husabø, Tromsø
  7. 2008-2010: Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø
  8. 2010-2011: Inger Johanne Sæterbakk, Tromsø
  9. 2011-2013: Øystein Vangsnes, Tromsø
  10. 2013-2015: styret i Tromsø mållag
  11. 2015-2017: Sæmund Stokstad, Tromsø
  12. 2017-2023: Magne Leon Heide, Harstad

Medlemslag og lokale mållag

Lokale mållag i Troms og Finnmark før 1945

  • Vardø mållag skipa vinteren 1898.
  • Mållaget Heimhug ved Tromsø lærarskole, skipa 17. april 1898.
  • Nordmannalaget, skipa 16. juli 1899.
  • Trumsøy maallag, skipa 13. desember 1899 med skoledirektør Aas til formann.
  • Vadsø maallag, skipa i 1907, uvisst kor lenge det var i verksemd.
  • Ibestad mållag, skipa påskekvelden 1908 med M. Jakobsen til formann, lagt ned etter kort tid.
  • Salangen mållag, skipa i 1909, men i drift berre kort tid; oppattskipa 23. juli 1933 med Olav Løkse til formann.
  • Lenvika maallag, høyrer vi første gong om i august 1909 , og siste møtet høyrer vi om i juni 1915 . Laget gjekk truleg inn i Finsnes maallag.
  • Mållaget «Heimferd» i Sørreisa, skipa 23. mars 1914 med Ivar Andersen til leiar, og lagt ned då han døydde i 1917.
  • Finsnes maallag, skipa i 1914 og lagt ned før 1920, laget hadde over 60 medlemmar i 1919, og laget arrangerte bl.a. målstemna for Troms fylkesmållag i juni 1919.
  • Lyngseidet mållag, skipa i 1914 og lagt ned etter kort tid.
  • Mållaget «Trollvasstind», Svensby i Ullsfjord, skipa i 1917. Laget gjekk etter kort tid til å bli ungdomslag.
  • «Måltrasten» i Fauskevåg, tidlegare Sandtorg kommune, skipa i 1917 og lagt ned i 1950-åra.
  • Kvedfjord mållag, skipa i 1917 og lagt ned før 1920.
  • Ungdoms- og mållaget «Solleia», Buvika på Kvaløya, skipa i 1919 og i drift ut 1930-talet.
  • Mållaget «Ruten» i Øverbygd, skipa 1. april 1920 og lagt ned etter kort tid.
  • Bondeungdomslaget i Tromsø var også medlem i Troms fylkesmållag frå rundt 1920.
  • Elevlaget Solhov ved Solhov ungdomsskole, Lyngseidet, var medlem i Troms fylkesmållag frå rundt 1920.
  • Bardu mållag, skipa i 1924, i vekslande verksemd til 2000-talet.
  • Troms mållag, skipa 22. november 1927 og i arbeid til 1936.
  • Sandtorg mållag, skipa 10. juni 1930 med lærar Sigurd Fauskevåg til formann og lagt ned før 1950.
  • Straumsbukta mållag skipa 16. mai 1931 og lagt ned før 1940.
  • Hålogaland lærarmållag, skipa 7. juli 1932, gjekk inn i Noregs Lærarmållag.
  • Berg mållag, Berg i Senja, skipa i 1932.
  • Hillesøy mållag, skipa 14. mai 1936.
  • Finnsnes mållag, skipa hausten 1935 med lærar Simon Eriksen til formann; gjekk truleg inn i Sør-Lenvik mållag.
  • Sør-Lenvik mållag, skipa våren 1936 med lærar Simon Eriksen til formann.
  • Trondenes mållag, skipa i 1938 og lagt ned etter eit par år.

Andre lokale mållag i Troms og Finnmark etter 1945

  • Lenvik mållag, blei skipa 25. mars 1957, og laget var særleg aktivt frå 1970-talet til 1990-talet. Det blei lagt ned i november 1996, og endeleg ført ut av NM-årsmeldingane i 2002.
  • Bardu mållag, blei prøvd starta i 1947, men laget blei først skipa 21. oktober 1956. Laget har gjeve ut fleire bøker og Jul i Bardu- og Målselvdalen saman med Målselv mållag. Laget blei lagt ned utpå 2000-talet.
  • BUL Tromsø meldte seg inn i Troms fylkesmållag i 1953.
  • Hammerfest mållag, skipa 8. juni 1977. Laget var i drift ein tiårsperiode.
  • Nordreisa mållag, skipa 11. september 1979. Laget var i drift til slutten av 1990-talet, men gjekk gradvis ut av drift etter 2000.
  • Salangen mållag, oppattskipa 12. november 1979 og lagt ned i januar 1985.
  • Alta mållag, skipa 29. november 1979 i drift til utpå 2000-talet.

Elev- og studentmållag:

  • Mållaget Heimhug blei skipa ved lærarskolen i Tromsø i 1898, som eit av dei aller første studentmållaga. Laget var i verksemd til 1958 og ein kort periode på 1970-talet.
  • Mållaget «Bivrost» blei skipa på Troms Landsgymnas 5. februar 1950 med Mikal Bendiksen til formann. Landsgymnaset starta på Setermoen i 1946 og flytta til Finnfjordbotn i 1949, skolen endra seinare namn til Finnfjordbotn vidaregåande skole. Mållaget Bivrost var i verksemd til utpå 1950-talet.
  • Tromsø Student- og Elevmållag blei skipa i 1972 og endra namn til Tromsø Målungdom i 1975. Tromsø Målungdom var i verksemd til rundt 2000. Laget rekrutterte medlemmar både frå vidaregåande skolar, høgskole og universitet.
  • Studentmållaget i Tromsø blei skipa rundt 1990, og laget var i varierande verksemd fram til 2000. Studentmållaget blei skipa opp att i 2014.
  • Harstad Målungdom blei skipa i 1974, og laget var i verksemd til slutten av 1980-talet.
  • Målselv Målungdom blei skipa i 1976, og laget var i verksemd til slutten av 1980-talet.
  • Lenvik Målungdom blei skipa i 1976. Laget heldt til ved Finnfjordbotn vidaregåande skole, og i åra 1979-1981 var Finnfjordbotn skolemållag i verksemd her.
  • Nordnorsk Målungdom blei skipa 7.-8. mai 1977 som ein distriktsorganisasjon for Norsk Målungdom sine lokale målungdomslag i Nord-Noreg. Organisasjonen var i verksemd til utpå 1990-talet.

Kjelder

  • Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø.
  • Trums fylkesmaallag. Femaarsmelding 1915-1920. 62 sider.
  • Språk i nord (blogg drive av Troms og Finnmark mållag)
  • Aviser, blad og tidsskrift på nb.no.

Referansar

Tags:

Troms Og Finnmark Mållag HistorieTroms Og Finnmark Mållag LeiararTroms Og Finnmark Mållag Medlemslag og lokale mållagTroms Og Finnmark Mållag Lokale mållag i Troms og Finnmark før 1945[28]Troms Og Finnmark Mållag Andre lokale mållag i Troms og Finnmark etter 1945Troms Og Finnmark Mållag KjelderTroms Og Finnmark Mållag ReferansarTroms Og Finnmark MållagFinnmarkNoregs MållagTroms

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Nordland fylkeJantelovenDen kalde krigenLewis CapaldiValdresAmmoniumkloridHellerman RocksImplisitt og eksplisitt funksjonPilBaronElektrisk kraftPeriferieininga KardítsaKirkenærDonald TrumpKrøllparentesGeitApePalamásDeltaVólosAlexander KiellandSpesifikk varmekapasitetSkiáthosAugust den sterkeMusculus latissimus dorsiCowboy-LailaKrigSosialdarwinismeRumpeldunkAnatomiske retningsskildringarNoregLavaArtemisSpaniaVesle GaldhøpiggenRSSNasjonalrettVisentMount EverestJemenVossamålFaryngittKlima i Nord-AmerikaFascismeIne Marie WilmannRagnhild BrochmannHardingdialektSylvi ListhaugDet ukrainske alfabetetSosialistTorvastad IdrettslagOppland fylkeMagnetisk feltstyrkeDet tredje riketTuonelaVipeElektronikkHanumanMayo ClinicVladimir PutinUbehaget i kulturenCarl Philip av SverigeKenth EldebrinkAsh Sharqiyah-regionen i OmanAfghanistanSjøløverTilsynelatande storleiksklasseKristoffer ColumbusOrAlenPåhengsmotorJean-François MilletDamplokomotiv🡆 More