Trond Trosterud (fødd 1962) er ein norsk språkforskar og professor ved Institutt for språk og kultur ved UiT Noregs arktiske universitet.
Han leiar Giellatekno, som utviklar samisk språkteknologi.
Trond Trosterud | |||
| |||
Fødd | 30. august 1962 Oslo | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
Trosterud var nestleiar i Språkrådet frå 2016 til 2019.
I 2021 fekk han den færøyske litteratur- og kulturprisen Mentanarvirðisløn M. A. Jacobsens for arbeidet sitt med rettskrivingsprogram for færøysk språk.
Trosterud har vorte skildra som "en av de mest aktive bidragsyterne til Wikipedia i Norge". I 2023 vart han tildelt prisen "Årets Wikipedianer" av Wiki Norge arbeidet hans med båe versjonane av Wikipedia på norsk, og den nordsamiske versjonen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trond Trosterud, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.