Tremolo er i musikk ein særs rask repetisjon av ein tone, med visse unntak byte mellom to tonar.
På ein fiolin er tremolo ein vanleg spelestil for å gjere tonen kjenslemessig og på mandolinen er tremolo den vanlegaste spelestilen.
Tremolo-teknikken vert òg ofte nytta av gitaristar og bassistar innan den ekstreme metallmusikken.
Fysisk er tremolo ein amplitudemodulering av ein tone, til skilnad frå vibrato som er frekvensmodulering av tonen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tremolo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.