Tore Schei (fødd 19.
februar">19. februar 1946) i Oslo er ein norsk jurist som var høgsterettsjustitiarius frå 1. august 2002 til 29. februar 2016, då han nådde aldersgrensa.
Tore Schei | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. februar 1946 (78 år) Oslo |
Yrke | dommar |
Verv | Høgsterettsjustitiarius |
Periode | 2002-2016 |
Føregangar | Carsten Smith |
Etterfylgjar | Toril Marie Øie |
Far | Andreas Schei |
Ektefelle | Kristine Schei |
Schei avla juridisk embetseksamen i 1971. I perioden 1972-1981 var han advokatfullmektig, seinare advokat, Høgsterettsadvokat i 1974, hos Regjeringsadvokaten. Han hadde i denne perioden også eit studieopphald i London og var dommarfullmektig frå 1975 til 1976 i Ytre Follo heradsrett. I 1981 blei han lagdommar i Eidsivating lagmannsrett. 18. oktober 1985 blei han utnemnd til høgsterettsdommar og han tiltredde 1. mars året etter.
Schei har også leia det skandinaviske granskingsutvalet etter Scandinavian Star-ulykka og utvalet som la fram forslag til den nye tvistelova. Han er dessutan forfattar av den omfattande kommentarutgåva til lova og skreiv også kommentarutgåva til den tidlegare gjeldande tvistemålslova frå 1915.
Schei blei i 2002 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.
Tore Schei er son til Andreas Schei, som var høgsterettsdommar og den første Sivilombodsmannen i Noreg. Tore Schei er brorson til Nikolai Schei, kjend som formann i Schei-komiteen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tore Schei, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.