Andreas Olai Schei (7.
oktober">7. oktober 1902–25. desember 1989) var ein norsk jurist, høgsterettsdommar og den første sivilombodsmannen i Noreg frå 1962 til 30. juni 1974.
Andreas Schei | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1902 Førde |
Død | 25. desember 1989 (87 år) |
Yrke | dommar |
Verv | Sivilombodsmann |
Periode | 1962-1974 |
Schei var fødd i Førde. Han vart cand.jur. i 1926, og var dommarfullmektig frå 1926 to 1929 og tilsett i Justisdepartementet frå 1929 til 1939. Frå 1939 arbeidde han i Forsyningsdepartementet, og frå 1941 til 1942 var han ekspedisjonssjef i Handelsdepartementet. Han var deretter tre år i Norsk Brændselolje, og frå 1945 ekspedisjonssjef i Justisdepartementet.
I 1946 vart han utnemnd til høgsterettsdommar. Frå 1962 til 1974 var han den første Sivilombodsmannen i Noreg. Han hadde mange verv i offentlege styre og komitear.
Han blei tildelt Storkors av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden i 1972.
Scehi døydde i Bærum. Han var far til høgsterettsjustitiarius Tore Schei og bror til tidlegare fylkesmann Nikolai Andreas Schei.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Andreas Schei, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.