Tiltaleform

Tiltaleform er ord og vendingar ein brukar for å retta seg til og snakka med personar.

Dette kan vera ulike personlege pronomen, titlar og frasar. Tiltaleformer kan brukast til å uttrykka ulike grader av nærleik, respekt og rang mellom personar.

På nynorsk bruker ein gjerne tiltaleformene «du» for ein og «de» for fleire personar og «De» som ei høfleg form ved sjeldne høve. I dansk-norsk kultur byrja ein på 1600- og 1700-talet å bruka «han» og «ho» («hun») som tiltaleformer, etter mønster frå tysk. Seinare blei De, Dem og Deres eller «De» og «Dokkar/Dykkar» meir utbreidd.

Ein kan også nytta relasjonsnemningar (som mor, far, tante, morfar) eller titlar (rektor, professor, doktor) som tiltaleformer, evntuelt saman med namne til personen ein tiltalar. Ulike tiltaleformer er knytte til ulike titlar knytte til embete eller rang. Ofte kan desse også ha ei liknande omtaleform, som ein bruker når ein snakkar om personen. Tiltaleformer har ofte bakgrunn i lov eller sedvane, og er gjerne knytt til monarki, adel og styresette. Dei blir nytta for presidentar i republikkar, og i mange land for parlamentsmedlem, dommarar og høgare embetsmenn. Geistlege leiarar har også tiltaleformer.

Døme

Geistlege

  • Dykkar nåde

Rettsvesen

  • Høgsteretten: Høgst velvørde rett, øvste dommarane i riket
  • Andre domstolar: Vørde rett, ev. vørde lagmannsrett o.l.

Monarki

  • Konge: Herre Konge, Dykkar/Dokkar Majestet (omtale Hans Majestet (H.M.),Hans Majestet Kongen, Hans Majestet kong [namn], kongen, kong [namn] )
  • Konge og dronning: Dykkar/Dokkar Majestetar (omtale Dei Høgvørde Kongelege)
  • Kronprins og kronprinsesse: Høgvørde/Høgvyrde Kronprins/Kronprinsesse (omtale Dei Høgvørde Kongelege (DD.HH.KK.), Den Høgvørde Kronprinsen/Kronprinsesse)
  • Prins og prinsesse: Høgvørde/Høgvyrde Prins/Prinsesse, prins/prinsesse [namn] (omtale Den Høgvørde Prinsen/Prinsessa, prinsen/prinsessa)

Republikkar

  • President: Dykkar Eksellense (omtale Hans/Hennar Eksellense, forkorting H.E.), regjeringsmedlemmer og ambassadørar

Storbritannia

  • The Most Honourable (forkorta The Most Hon.) – markiar
  • The Right Honourable (forkorta The Rt. Hon.) – medlemm av Det kongelege rådet
  • The Honourable (forkorta The Hon.) – parlamentarikarar som ikkje er medlem av Det kongelege rådet
  • My Lord/Lady, Your Lordship/Ladyship (Min Herre/Frue) – baronar og baronesser, jarlar (grevar) og grevinner, markiar og markiser.
  • Your Grace (Dykkar Nåde) – hertugar og hertuginner som ikkje er del av kongefamilien.
  • Sir/Dame [fornamn] – riddarar og baronettar/baronettesser.

USA

  • The Honorable (forkorta The Hon.; tiltale: Your Honor) – dommarar, borgarmeisterar, regjeringsmedlemmer, tidlegare presidentar
  • Hans/Hennar Eksellense (forkorta H.E.; tiltale: Dykkar Eksellense) – guvernøren i Massachusetts og Connecticut

Kjelder

Tags:

Tiltaleform DømeTiltaleform KjelderTiltaleformTittel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

StrilAlbumet That'll Be the DaySjøløverNasjonalplantarStrynefjelletSjtipSang til BergenHomofobiYosef Wolde-MariamNamnedagKnut den mektigeJavaAtenBakuTsjekkiaLydopptakCalling ElvisKattBrahmaputraLeksikonMS «Framstig»Rave On!LærdalstunnelenEugenio MontaleMenneskekraftBlyantkvessarGuangzhouTrude DrevlandErik AndersenNikita KhrusjtsjovOle PausFader vårKrýa Vrýsi i PéllaAugaPhil PalmerJerusalemNibiruDown to the WaterlineDire Straits av Dire StraitsFirkantfolketOh, Boy! av Buddy HollyJohn KasichWikipediaDen generelle relativitetsteorienEllen NikolaysenSvartehavetOs kommune i HordalandBjørnYatzySkjærtorsdagAbbaMidtbanespelarElizabeth II av StorbritanniaRomanésElektrisk filterEMulesel20. aprilFilippinaneRusslandDet norske alfabetetOlav II av NoregGranadaLa RochelleM.I.A.PeoníaPedro I av BrasilMarokkoNazismeJack SonniKapp Verde🡆 More