Tapakuloar er ei gruppe av sporvefuglar i Sør-Amerika med flest artar i Andes.
Tapakuloar | |
Topptapakulo Rhinocrypta lanceolata | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Tapakuloar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tapakuloar Rhinocryptidae Wetmore, 1930 |
I tillegg finst det tre artar i det sørlege Sentral-Amerika. Taksonomien for gruppa er omstridt, tradisjonelt har tapakuloar vore samla i ein distinkt familie Rhinocryptidae, men nyare studiar har synt at dei alternativt kan reknast som ei gruppe av familien maurrikser, Formicariidae.
Tapakuloar er små til mellomstore fuglar. Storleiken varierer frå 10 til 24 cm. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Medan fleirtalet av artar i familien er små svarte eller brunlege fuglar, finst det òg større og meir fargerike artar. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen. Føda er insekt samt frø og anna mjukt plantemateriale. Dei skrapar i bakken som ein fasan med det korte, rette nebbet. Dei fleste artane legg to eller tre kvite egg på ein overdekt plass, enten i ei hòle, eit holt tre eller i eit overbygd reir.
Nokre artar har svært avgrensa lokalitetar, og når dei er dårlege flygarar blir dei lett isolert i små bestandar. Per 2007 vurderte BirdLife International ein art som sårbar (tacarcunatapakulo, Scytalopus panamensis), tre artar som truga (sumptapakulo, S. iraiensis, magdalenatapakulo, S. rodriguezi og ecuadortapakulo, S. robbinsi), og to artar kritisk truga (hermestapakulo, Eleoscytalopus psychopompus og bahiabørstepanne, Merulaxis stresemanni). Dei to kritisk truga artane har distribusjon i atlantisk regnskog i austlege Brasil, og blei nyleg gjenfunne etter fleire år utan rapporteringar.
Tapakuloar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tapakuloar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.