Tübingen er ein tradisjonell universitetsby i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 84 000 innbyggjarar.
Byen ligg 30 km sørvest for Stuttgart mellom elvane Neckar og Ammer. Universitetet i Tübingen er i dag ein av dei leiande universiteta i Tyskland, derav å vera ein av seks tyske eliteuniversitet.
Tübingen | |
---|---|
Gamlebyen i Tübingen | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Tyskland Baden-Württemberg Tübingen Tübingen |
Først nemnd i | 1191 |
Ordførar | Boris Palmer (Bündnis 90/Die Grünen) |
Geografi | |
Flatevidd - By | 108,12 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik | 84 496 782/km² |
Koordinatar | 48°31′0″N 09°03′0″E / 48.51667°N 9.05000°E |
Høgd over havet | 341 m |
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 72070–72076 |
Telefon-retningsnummer | 07071, 07073, 07472 |
Bilnummer | TÜ |
Heimeside: www.tuebingen.de |
Tübingen har sitt opphav ein gong på500- eller 600-talet, og dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1191. Endinga ingen i namnet tyder på at han ein gong var busett av alemannarar. I 1231 fekk byen byrettar og eit rettssystem. I 1342 vart Tübingen kjøpt opp av grev Ulrich III og innlemma i grevskapet Württemberg.
Sjølv om ein stort sett ikkje kan merke noko til det i dag, var Tübingen fram til 1950-åra ein svært sosioøkonomisk delt by med fattige lokale bønder og kjøpsmenn langs Stadtgraben (bykanalen) og studentar og akademikarar rundt Alte Aula og Burse, dei gamle universitetsbygningane.
På den andre halvdelen av 1900-talet vart det administrative området til Tübingen utvida med fleire landsbyar og småbyar. Mest kjend av desse er Bebenhausen, som er ein landsby bygd opp rundt eit slott og eit cistercianarkloster om lag 3 km nord for Tübingen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tübingen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.