Ein synkronmotor er ein elektrisk vekselstraummotor der rotoren er permanent magnetisert (ev.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
har likestraumsmagnetisering). Ved stasjonær drift får motoren då same omdreiingsfart som det magnetiske dreiefeltet frå vekselstraumen i stator-viklingane. Med andre ord går motoren synkront (i takt) med vekselstraumen. Det er ikkje mogleg å driva ein synkronmotor direkte frå likespenning. Ein asynkronmotor er derimot ein motor som har tap i motoren slik at farten minkar litt.
Synkronmotorar krev sleperingar og børstar for å levera spenning til rotoreksitasjonen. Asynkronmotorer treng ikkje børstar eller sleperingar, men nokr har det til bruk av mjukstart og kontrollering av farten. Der ein synkronmotor krev rotorviklingar kan ein asynkronmotor bruka korstlutningsbur eller såkålla «ekorn-bur». Ein synkronmotor kan også monterast med permanente magnetar i rotoren som gjer at ein kan fjerna sleperingane, rotorviklingane, likespenningsmagnetiserings ystemet og effektreguleringa.
Ein synkronmotor krev ein startmekanisme til han har nådd synkron fart. Ein trefasa asynkronmotor startar ved å berre tilføra straum, men ein einfasa asynkronmotor treng også ein startmekanisme. På ein synkronmotor kan ein justera spenninga, medan på ein asynkronmotor må spenninga vera den same for at motoren skal gå. Generelt er ein synkronmotor meir effefktiv enn ein asynkronmotor.
Vanlegvis byggjer ein ikkje synkrone motorar på mindre enn 750 kW pga kostnadene og den kompliserte oppbygginga, men permanente magnet- og elektrisk styrte permanente synkronmotorar er tilgjengelege i mindre storleikar.
Innleiinga er henta frå bokmålswikipedia: Synkronmotor, 25. september 2012.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Synkronmotor, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.