Sveitsargarden er ein styrke av sveitsiske leigesoldatar som har som oppgåve å verna paven, og forsvara Vatikanstaten.
Sveitsargarden sitt offisielle språk er tysk, og var opphavleg kalla Reisläufer.
Det har vore fleire «sveitsargardar» som har tent ulike europeiske fyrstehus og makter, mellom dei den sveitsiske Centar-Garde («hundre vakter») som verna det franske hoffet frå 1497 til 1830 og var den første sveitsargarden, og fleire andre på 1700-talet. No er det berre paven sin sveitsargarde som enno finst.
Frå 1400- til 1800-talet var det fleire leigesoldatar frå Sveits i teneste som drabantar, livvakter og soldatar for ulike europeiske fyrstar og rikfolk. Dei var i likskap med dei tyske landsknektane kjend for sitt mot, sin lojalitet, disiplin og dugleik, og dessutan for sine ekstravagante drakter av fargerike stoff. Slike troppar av sveitsiske soldatar vart fleire stadar kalla sveitsargarden. Den mest kjende av desse er sveitsargarden i Vatikanet som kom som leigesoldatar til Roma 22. januar 1506.
Den pavelege sveitsargarden sitt mest kjente slag fann stad i 1527, ved invasjonen og plyndringa av Roma. Omtrent heile sveitsargarden vart massakrert på trappa til Peterskyrkja. Av 189 vakter overlevde berre 42, men motet deira sikra at Pave Klement VII evakuera ned passeto-passasjen, ein indre korridor i muren som går frå Vatikanet til Castel Sant'Angelo.
Ein populær myte seier at dei tradisjonelle, gule, blå og raude uniformene som Sveitsargarden ber, vart utforma av kunstnaren Michelangelo, men sanninga er at desse uniformene vart designa i 1905 av ein kommandant i Sveitsargarden. Den mjuke baretten (alpelua), vamsen og buksene med slissar og dei sterke fargane, har vorte etterlikna uniforma til landsknektane, som har sitt design frå 1500-talet.
I 1988 vart Sveitsargardens nye kommandant Alois Estermann og hans kone funne myrda i leilegheita deira. Estermann hadde berre ti timar tidlegare vorte utnemnd til den 31. kommandanten i sveitsargarden. Mannen som drap dei, og seinare seg sjølv, var ein misnøgd ung visekorporal som kjende seg gløymd i samband med ein medaljeutdeling. I 1981 freista Estermann fåfengd å verna pave Johannes Paul II frå mordforsøket til Mehmet Alì Agça. Då skotet kom, hoppa Estermann inn i køyretøyet til paven for å verna paven, men rakk det ikkje tidsnok.
Styrken er i dag avgrensa til 100 soldatar og består no av fire offiserar, 23 underoffiserar, 70 hellebardister, to trommeslagarar og ein feltprest. Soldatane er opplærte og utstyrt med moderne våpen og taktikk, men har òg opplæring i bruk av sverd og hellebard.
Krava til gardistane er strenge. Dei må vera menn, tilhøyra den romersk-katolske kyrkje, vera sveitsiske statsborgarar, ha gått rekruttskolen og hatt treårig teneste i det sveitsiske forsvaret, og ha god vandelsattest. Rekruttane må dessutan vera mellom 19 og 30 år og minst 174 cm høge.
Dei fleste sveitsargardistane kjem frå kantonen Wallis, der folkesetnaden er hovudsakleg fransk- og tyskspråkleg.
Nye rekruttar avlegg årleg sin eid i Cortile di San Damaso den 6. mai, årsdagen for Sacco di Roma, plyndringa av Roma.
Feltpresten til garden les følgjande eid på tysk:
Deretter går rekruttane ein etter ein til fana og sver med høgre hand.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sveitsargarden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.