Subkarpatiske voivodskap (polsk Województwo podkarpackie eller berre Podkarpackie) er ein av 16 voivodskap i Polen.
Subkarpatiske voivodskap Województwo podkarpackie | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Rzeszów | ||||
Fylke: | 4 byar og 21 landfylke | ||||
Gmina: | 159 | ||||
Folketal: | 2 096 971 (2006) | ||||
Areal: | 17 844 km² | ||||
Folketettleik: | 118 /km² | ||||
Heimeside: | www.wrota.podkarpackie.pl/pl/um |
Det ligg søraust i Polen og den administrative byen er Rzeszów. Tidlegare var Lwów administrasjonssete, men etter 1945 då Lwów vart ein del av Sovjetunionen, tok Rzeszów over denne rolla.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Rzeszów, Przemyśl, Krosno og delar av Tarnów og Tarnobrzeg. Namnet på regionen kjem av at han ligg nær Karpatane.
Det grensar til Veslepolske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nordvest, Lublin-voivodskapet i nord, Ukraina i aust og Slovakia i sør. Det dekkjer eit areal på 17 844 km² og har eit folketal på 2 096 971 (2006).
Voivodskapet inneheld 46 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):
1. Rzeszów (163 155) | 24. Nowa Sarzyna (6 308) |
Subkarpatiske voivodskap er delt inn i 25 fylke (powiat) og fire av desse er byfylke, og 21 landfylke. Desse er igjen delt inn i 159 gmina eller kommunar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Subkarpatiske voivodskap, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.