Stridande

Stridande viser i internasjonal folkerett til personar som har rett til å delta i krig.

Personar som oppfyller vilkåra som stridande kan lovleg ta del i kamphandlinger under ein væpna konflikt, men kan også lovleg angripast, og har ikkje same vern som sivile.

Dersom ein stridande blir teken til fange, har han eller ho krav på status som krigsfange etter 3. Genèvekonvensjon av 1949. Konvensjonen definerer stridande som har rett på krigsfangestatus slik:

  1. Medlemmer av forsvaret eller militsen til ein deltakar i konflikten.
  2. Medlemmer av andre militsar og frivillige, inkludert motstandsgrupper, så lenge dei er under kommandoen til ein person som er ansvarleg for sine underordna, har eit fast identifiserbart merke (med visse unntak), ber våpen ope, og følgjer krigslovane.

Personar som kjemper, men ikkje oppfyller desse krava, har ikkje krav på å bli behandla som krigsfangar. Dette kan til dømes gjelda geriljasoldatar, leigesoldatar, personar klassifiserte som terroristar og liknande. Eit omgrep som særleg er blitt brukt av USA i nyare tid er «ulovleg stridande» (unlawful combatants).

Tidlegare tyding

Tidlegare var «stridande» også ei nemning på militært personell som fylte krava til tenestegjering i stridande avdeling, det vil seia avdeling utdanna og bestemt til å delta aktivt i kamp. Dette stod i motsats til ikkje-stridande, som kunne høyra til sanitet, veterinærvesen, intendantur og liknande.

Kjelder

Tags:

FolkerettKrig

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Anette HoffGalileo GalileiGrunnstoffliste etter atomnummerVelosipedSola kommuneOperatunnelenOperahuset i OsloNoahEtterretningsbataljonenHanamiSuveren statIltalehtiAda LovelaceC++CubaYafaFlaggdagarDet polske flaggetBengaltigerMyrlikRitornellFormannskapAnne Lise GjøstølFrida KahloFilmserien Harry PotterAvtaleAndre verdskrigenDesta Marie BeederVoss heradSilje NordnesDurgaTamilLewis CapaldiProsaQurayyat i OmanMont Saint-MichelSveitsJa, vi elsker dette landetSkeiselandskampen Nederland–Noreg 1974Liste over norske nyordStareKarl Ove KnausgårdHovudsideKorrespondentKapitalismeEselTyrkiaUSAJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughDet kommunistiske manifestetCotangensMoldedialektBrunbjørnMarie AntoinetteTsjetsjeniaStilarkAristotelesBjørkefinkBulgariaSolgangsbrisTanjung MorawaAmazonaselvaAutoritetsdataTønsberg kommuneOperativsystemCornelis VreeswijkAldislampeAngolaTidslinje over norsk historieSpesifikk varmekapasitetPeter GabrielPlaneten JupiterTrekanthandelh5mjdElon MuskKvam heradRussisk rock🡆 More