Stortingets Utvida Utanrikskomité

Stortingets utvida utanrikskomité var er ein tidlegare fagkomité på Stortinget.

Han blei oppretta 22. oktober 1993, og avløyste då Stortingets utvida utanriks- og konstitusjonskomité. Komiteen blei lagt ned 30. september 2009, og blei då erstatta av Den utvida utanriks- og forsvarskomiteen.

Medlemmer i den utvida utanrikskomiteen

Basis for den utvida utanrikskomiteen var Stortingets utanrikskomité, som hadde 14 medlemmar. Desse var også medlemmar av Stortingets utvida utanrikskomité. I den utvida komiteen sat i tillegg Stortingspresidenten og visepresidenten (viss dei ikkje allereie var medlemmer av komiteen), vidare leiaren i forsvarskomiteen og inntil 11 medlemmar valde av Stortinget etter forslag frå valkomiteen.

Arbeidsområdet for den utvida utanrikskomiteen

Viktige utanrikspolitiske, tryggingspolitiske og handelspolitiske saker blei drøfta med regjeringa i Stortingets utvida utanrikskomité. Medan utanrikskomiteen kunne beskrivast som ein saksførebuande komité, kunne den utvida utanrikskomiten beskrivast som ein konsulterande komité. Her møtte gjerne utanriksministeren, men også forsvars- eller justisministeren for å gjere greie for aktuelle saker. Ved denne konsultasjonsrolla mellom regjering og storting skilde den utvida utanrikskomiten seg frå arbeidsmåten i dei andre stortingskomiteane. Den var ein politisk tung komité med mange medlemmer, og møta hadde ein formell hierarkisk struktur.

Forhandlingane i den utvida komiteen var hemmelege, viss ikkje anna blei bestemt. Det same gjaldt for fellesmøte denne komiteen hadde med andre komitear. Leiaren kunne bestemme at også innkallinga til møtet skulle vere hemmeleg. [1] Regelen er at møtereferata ikkje skal offentleggerast før etter 30 år. Hemmeleghaldet har fleire gongar blitt kritisert som unødvendig og udemokratisk.

Den utvida utanrikskomiteen er vidareført i den noverande Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité, som har ei tilsvarande rolle og arbeidsmåte.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Stortingets Utvida Utanrikskomité Medlemmer i den utvida utanrikskomiteenStortingets Utvida Utanrikskomité Arbeidsområdet for den utvida utanrikskomiteenStortingets Utvida Utanrikskomité FotnotarStortingets Utvida Utanrikskomité BakgrunnsstoffStortingets Utvida UtanrikskomitéStortingetStortingets utvida utanriks- og forsvarskomitéStortingets utvida utanriks- og konstitusjonskomitéStortingskomité

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

75BouvetøyaBergensbanenSt. PetersburgVerdas land etter folketettleikFærøyaneTysklandCorbuByar i Nord-MakedoniaSvastikaLemmingDyrkornNintendoPrositMidthavsryggGuanoForretningsorden55Det norske alfabetetTidslinje over norsk historieLagerthaGuvernørOttaTyrkiaPippi LangstrømpeSovjetunionenPåskeDet indiske kastesystemetDet hev ei rosa sprungeJan ThomasResesjon20Bolsjevisme1Libanon18EØSKrøllparentes147Tradisjonell kinesisk medisinEpitelBoeing 707Elin ØrjasæterIstanbulTyngdeakselerasjonStyresettBygdedyret2. maiDon DixonAlderspensjonBrå stratosfærisk oppvarmingVulvaBiologisk systematikkSnipefamilienTakahiro OgiharaSilvestre y La NaranjaPandaH.323FuruOla Olsson SevleMaliVerdas landHierarki19321998EddiksyreEngelsk92Siri KalvigDet internasjonale fonetiske alfabetetMS «Berge Stahl»KommunismeUkrainaTrettiårskrigen89TuzlaSagaen om Isfolket🡆 More