Stathelle

Stathelle er ein av to byar i Bamble kommune i Telemark.

Byen ligg på nordenden av Langesundshalvøya, der Langesundsfjorden, Frierfjorden og Eidangerfjorden møtest. Byen var tidlegare ein ladestad under Skien, og eigen kommune til 1964 då han vart ein del av Bamble kommune. Via Breviksbrua (gamle E 18, no Fv 353) og Grenlandsbrua (nye E18) har Stathelle vegsamband øver Breviksstrømmen med Porsgrunn kommune. Frå år 2000 er både Stathelle og Langesund, den andre byen i kommunen, innrekna i den samanvaksne tettstaden Porsgrunn/Skien.

Stathelle
stad
Stathelle
Stathelle frå Breviksbrua
Land Stathelle Noreg
Fylke Telemark
Kommune Bamble
Postnummer 3960 STATHELLE

Stathelle
59°02′43″N 9°41′49″E / 59.045277777778°N 9.6969444444444°E / 59.045277777778; 9.6969444444444
Wiki Commons: Stathelle
Stathelle
Strandgata i gamle Stathelle
Stathelle
Stathelle kyrkje frå 1964
Stathelle
Stathelle til venstre og Brevik til høgre

«Gamle Stathelle» er eit pittoresk område med tronge gater. Kommersiell sørvis er i dag samla ved «Brotorvet kjøpesenter» ved Breviksbruas søre feste, straks vest for det gamle byområdet. På Rugtvedt på vestsida av Høgenheifjellet er det eit steinaldermonument.

Offentlege institusjonar

På Grasmyr i søre Stathelle finn ein Bamble videregående skole og Grasmyr ungdomsskole, og på Gjermundsholmen like ved gamle bydelen held Croftholmen videregående skole for yrkesfag til. Bamble kommunes bibliotek ligg på Krabberødstrand like vest for Breviksbrua.

Historie

Stathelle fekk i 1774 rettar som ladestad under Skien. Ti år seinare skreiv B. H. Løvenskiold at her budde to kjøpmenn, ein tollbetjent og to roarar. Grensene til ladestaden var snevre, og allereie på slutten av 1800-talet var det etablert forstader i vest (Krabberødstrand) og sør (Eikstrand-Eikrønningen) som til saman var om lag like folkerike som sjølve bykommunen.

Stathelle var eigen kommune fram til 1964 då han blei ein del av Bamble.

Folketalsutvikling på Stathelle
År Innbyggjarar
1801
  
215
1865
  
501
1875
  
453 + 169
1890
  
373 + 305
1900
  
499 + 369
1910
  
484 + 393
1920
  
578 + 561
1930
  
601 + 641
1946
  
720 + 641
1950
  
749 + 691
1960
  
738 + 685
1970
  
2 865
1980
  
4 529
1990
  
5 702
2000
  
6 116
2010
  
6 303
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar SSB: Folkemengd per grunnkrins
  • Tala 1865 viser til Stathelle ladested
  • Tala 1875 viser til Stathelle ladested + forstaden Eikstrand i Bamble herad
  • Tala 1890-1960 viser til Stathelle ladested + forstadene Eikstrand og Krabberød i Bamble herad
  • Tala 1970-1990 viser til Stathelle tettstad
  • Tala f.o.m. 2000 viser til Stathelles del av Porsgrunn/Skien tettstad, berekna på grunnkrinsinndelinga

Kjelder

  • Denne artikkelen byggjer på «Stathelle» henta frå Wikipedia på bokmål 18. april 2007.

Tags:

1964Bamble kommuneByEidangerfjordenEuropaveg 18FrierfjordenFylkesveg 353LadestadLangesundLangesundsfjordenPorsgrunn kommunePorsgrunn/SkienSkienTelemark fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Heidi LøkeNasjonaldrikkGulGammalkatolskRonja RøverdatterLill LindforsSandsøya i SandeLiv Grete SkjelbreidSionistFribyLæringsteorien konstruktivismeVietnamParaguayNorovirusIndigoVerdas språk etter utbreiingKeltiske språkut8dxTysdagAlsaceLe CorbusierMeter per sekundGjest BaardsenKaspihavetÅl i HallingdalFirkantfolketTidslinje over norsk historieCoca-ColaSvalbard globale frøkvelvKopparNobelprisen i litteraturYatzy2019Janni KjærLikning i matematikkKarl X av FrankrikeHotel CaliforniaSvarthyllByggKleopatraGrodagenNils GaupHar Sedom28. marsEli Kari GjengedalPatrick RoestSvartedauenMaud av NoregHaakon Magnus av NoregLangfredagDen norsk-russiske grensaPPiemonteGenusAust-TimorStrilelandetRegjeringArtemisLagertha27-årsklubbenRaphaël PoiréeGud signe maten på vårt bordGreenwich middeltidAutoritetsdataBirger EriksenNasjonalrett1454LibanonTsjekkiaAn-MagrittJim MorrisonInformasjonskapselPuddelrockPokljukaKristoffer ColumbusEarl ScruggsRombeLønn🡆 More