Sligo

Sligo (irsk Sligeach) er ein hamneby i Republikken Irland.

Han er det administrative senteret i County Sligo vest på Irland. Byen hadde rundt 20 000 innbyggjarar i 2016, og er dermed også den folkerikaste byen i fylket. Sligo Borough District huser 61 % (38 581) av dei 63 000 innbyggjarane i County Sligo.

Sligo
by
Sligo
Land Sligo Irland
Fylke County Sligo
Provins Connacht
Høgd 13 m
Areal 30,86 km²
Folketal 17 892  (2006)
 - storby 41 988

Sligo
54°16′00″N 8°29′00″W / 54.2667°N 8.4833°W / 54.2667; -8.4833
Wiki Commons: Sligo
Nettstad: www.sligoborough.ie

Byen ligg mellom Lough Gill og elva Garavogue der ho munnar ut i Atlanterhavet. Han er omgjeven av to fjellkjeder, Dartryfjella på nordsida og Oxfjella mot sør. Sligo er eit historisk, kulturelt, kommersielt, industrielt og tenestenæringssenter, og har regionaltyding i Vest-Irland. Han har veg-, jernbane- og ferjesamband. Byen er også eit turistmål med fleire litterære og kulturelle assosiasjonar, og ligg langs turistruta Wild Atlantic Way.

Geografi

Sligo 
Luftfoto av Sligo

Sligo ligg på ei kystslette mot Atlanterhavet, på låge grusskråningar ved breidda av elva Garavogue mellom Lough Gill og estuaret hennar ut mot Sligo Bay. Byen er omgjeven på tre sider av ein fjellboge, med Oxfjell-kammane Slieve Daeane og Killery Mountain i søraust mot Lough Gill, det flate kalksteinsplatået til Cope's, Keelogyboy og Castlegal-fjella i nord og nordaust, enkeltåsen Knocknarea med ein varde frå steinalderen i vest og det distinkte høge platået Benbulben i nord.

Sligo er eit viktig punkt på vegen mellom Ulster og Connacht. Han er administrasjonsstad for County Sligo, som er del av Border Region saman med Cavan, Donegal, Leitrim, Louth og Monaghan.

Historie

Det irske namnet til Sligo er Sligeach, som tyder «skjelstaden». Dette kjem av dei store mengdene skjel i elva og utløpet hennar, og for fleire skjeldynger som er funne omkring byen etter matlaging helt tilbake til steinalderen. Brev til kartstyresmaktene frå 1836 skildrar at kjerrelaster av skjel er funne under bakken mange stader i byen som no er busett. Ved oppsetting av grunnmurar vart det stadig grave opp store mengder skjel. Heile distriktet med kysten, elveutløpet og elva var rik på sjømat som vart utnytta så tidleg som i steinalderen. Den første rundkøyringa i byen vart bygd rundt eit gravkammer som var hogge ut av ei stor steinblokk.

Sligo Bay er ei vid bukt som har danna ei naturleg hamn frå gammalt av. Ho var kjend av gamle greske, fønikiske og romerske handelsfolk, og ein trur området er det som er markert som byen Nagnata på Klaudios Ptolemaios sitt verdskart frå 100-talet. I tidlegmellomalderen grunnla heilage Kolumba, Columcille, eit viktig kloster i Drumcliff, åtte kilometer nord for dagens Sligo. På 1100-talet var det ei bru og ein liten busetnad på staden der Sligo ligg no.

Mellomalderen

Sligo 
Sligo Abbey i 2015.

I mellomalderen blei Sligo eit viktig knutepunkt både handelsmessig og strategisk. I 1245 grunnla den normanniske riddaren Maurice Fitzgerald, som var Lord Chief Justice of Ireland, ei borg i Sligo. I 1253 grunnla han eit dominikanarklosteret, som er den einaste mellomalderbygningen i byen som framleis står. Klosteret vart øydelagt av brann i 1414 men gjenreist til slik det står i dag. Normannarane fekk likevel ikkje vera lenge i området. Under slaget ved Credran Cille i 1257 blei både Fitzgerald og den irske leiaren Godfrey O'Donnell døydeleg såra i tvikamp. Etter dette forlet normannarane området.

Sligo utvikla seg likevel som by. Eit oversyn frå 1289 tyder på at han hadde 180 borgarar (burgess). Han er dermed den einaste irske byen som blei grunnlagd av normannarar, men var under gælarstyre gjennom nesten heile mellomalderen. Dei ulike irske dynastia kjempa om herredøme over den lukrative hamnebyen, og Sligo blei brunnen, ransaka eller omleira omlag 49 gonger gjennom mellomalderen, ifølgje dei irske annalane. Desse raida verker ikkje å ha stoppa utviklinga av byen, som frå midten av 1400-talet hadde auka i tyding som hamneby. Det blei drive handel med Galway, Bristol, Frankrike og Spania.

Tidleg moderne tid

Byen var under gælisk kontroll fram til slutten av 1500-talet, då han blei erobra av England. Sligo blei administrasjonsby for det nyoppretta County of Sligo. Då parlamentariske styrkar under sir Frederick Hamilton hærtok byen under krigen i dei tre kongerika i samband med den engelske borgarkrigen, blei klosteret Sligo Abbey sett i brann og fleire dominikanarmunkar blei drepne. Under Den vilhelminske krigen i Irland (1689–91) kjempa den jakobittiske irske hæren som var lojal mot Jakob II og styrkar som støtta Vilhelm av Oranje. Patrick Sarsfield klarte å ta byen og slå tilbake eit vilhelminsk åtak for å gjenerobra han.

Sligo 
Lady Erin-monumentet og Market Street fotografert i 1899.

I 1798 blei styrkar sett saman av Limerick-militsen, Essex Fencibles og lokalt yeomanry under oberst Vereker slått i slaget ved Carricknagat nær Collooney av irske og franske styrkar under general Humbert. Ei gate i byen er kalla opp etter helten frå dette slaget, Bartholomew Teeling. Monumentet Lady Erin ved marknadskrossen blei sett opp i 1899 for å markera hundreårsjubileet for oppreisten i 1798.

1800-talet

Sligo 
Sligo rådhus

I 1832 blei Sligo råka av ein koleraepidemi. Mor til forfattaren Bram Stoker, Charlotte Blake Thornley, levde gjennom dette og flykta med familien til Ballyshannon. Ho skreiv seinare:

« At the end of that time, we were able to live in peace till the plague had abated and we could return to Sligo. There, we found the streets grass-grown and five-eighths of the population dead. We had great reason to thank God who had spared us. »

Under den store hungersnøda i Irland og i tidsrommet 1847 til 1851 emigrerte 30 000 irar frå hamna i Sligo. I hamna med utsikt over elva Garavogue er det reist ein statue som eitt av tre minnesmerke over desse emigrantane. Ein plakett med eit «brev til Amerika» fortel om ein familie sin triste skjebne:

    No er eg diverre aleine i verda. Alle brørne og systrene mine, og alle borna mine, bortsett frå deg, er døde. Vi er alle kasta ut frå eigedomen til landeigaren herr Enright. Det er så dårlege tider og heile Irland er i slik fattigdom at ingen kan betale jordleiga. Mitt einaste håp no er deg, no som eg har brukt min siste shilling. No må eg anten tigge eller gå på fattighuset. Helsing frå din kjære far, Owen Larkin.

Det er sagt at den idylliske øya Coney Island i Sligobukta har gjeve namn til Coney Island i New York. Coinín på irsk tyder 'hare'. Cuniculuslatin tyder hare eller passasje under bakken. Det er sagt at kaptein Peter O'Connor på skonnerten «Arethusa», som tok fleire turar mellom Sligo og New York for 200 år sidan, kalla øya i New York opp etter øya som ligg nokre kilometer frå heimen hans i Sligo.

Diktaren William Butler Yeats, som er ein av dei viktigaste forfattarane i Irland, og er nobelprisvinner, har nær tilknyting til Sligo. Han voks opp i Sligo, døydde i 1939 og er gravlagd på Drumcliffe kyrkjegard i Sligo. Fleire av verka hans har handling henta frå omlandet rundt byen Sligo. Broren hans Jack Butler Yeats var biletkunstnar, og fleire av verka hans er ved Niland Gallery ved The Mall i Sligo.

1900-talet

På byrjinga av 1900-talet var det mykje uro blant hamnearbeidarane i Sligo, som kjempa for betre løn og vilkår. Dette førte til to større streikar, i 1912 og ein langvarig streik i 1913. Begge enda med siger for arbeidarane.

I april tala Sinn Fein-grunnleggjaren Arthur Griffith på hjørnet av O' Connell St. og Grattan St. Gatehjørnet er sidan blitt heitande «Griffiths corner». Under den irske borgarkrigen blei Sligo jernbanestasjon sprengd av motstandarar mot Den anglo-irske traktaten 10. januar 1923.

Transport

Sligo 
Sligo hamn i 2020.

Sligo har eit moderne vegnett med fleire strekningar med fire- og tofelts motorveg. Riksvegen N4 til Dublin har god standard. Det er bygd motorveg gjennom byen og oppretta fleire gågater i sentrumsområdet for å betre funksjonen av bysentrumet.

Jernbanesambandet til Dublin vart opna i 1862. Nordover gjennom Enniskillen kom jernbanen i 1881. Sørover til Limerick og sørlege delar av Irland opna ei linje i 1895. No er det Intercity-togrute til Dublin, men fleire av dei andre strekningane er ante nedlagd eller ubrukt. Det er eit prosjekt i gang for å betre jernbanenettet, spesielt langs vestkysten. I Irland er det det offentlege jernbaneselskapet CIE som driv jernbanenettet.

Sligo lufthamn ved landsbyen Strandhill tener byen og grevskapet Sligo, og har flyruter til Dublin og Manchester.

Hamna i Sligo tar imot relativt små lasteskip opp til 2000 tonn.

Byutvikling

Sligo 
The Glasshouse Hotel i Sligo.

I mange år har Sligo og mange byar i Irland hatt svært lite nybygging og byutvikling. Dei siste åra har dette endra seg mykje. Det har vorte nye hotell, bustadblokker, kjøpesenter og bustadfelt. Fleire stader i byen er det bygd gangbruer over elva Garavogue og oppretta gågater.

Utdanning

Sligo har fire vidaregåande skular. To av dei er jenteskular (|Mercy College og Ursuline College), Summerhill College er ein guteskule og Sligo Grammar School er ein Church of Ireland-driven blanda skule ved The Mall.

I byen ligg Sligo tekniske institutt, Institute of Technology, som har utdanningar innan naturvitskap, ingeniørfag og samfunnsvitskapar.

St. Angela's College utanfor sjølve byen høyrer til National University of Ireland, Galway, og har utdanning innan sjukepleie og helse, matkunnskap og pedagogikk.

Vennskapsbyar

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Sligo  Commons har multimedium som gjeld: Sligo
Sligo  Reiseguide for Sligo frå Wikivoyage

Tags:

Sligo GeografiSligo HistorieSligo TransportSligo ByutviklingSligo UtdanningSligo VennskapsbyarSligo GalleriSligo KjelderSligo BakgrunnsstoffSligoCounty SligoHamnebyIrlandIrskRepublikken Irland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bjarne BrøndboFlaggdagarEuropaIndonesiaLillebjørn NilsenNasjonalplantarChristian RingnesSnefridSigmaTula oblastRomteleskopet HubbleTorstein FlakneAustraliaBack in the U.S.S.R.Greatest Hits 1982–1989KrysantemumMellom-AmerikaBrossviksåtaLærdalstunnelenM.I.A.LeksikonDen guddommelege komedieBulgariaVierfamilienRussell CroweBodø kommuneA Whiter Shade of PaleNéa ZíkhniMoney for NothingYosef Wolde-MariamKvigeDraco MalfangRusslandSvalbardtraktatenPelle og Pysa Pirat1799StatueFrode VikenEli Kari GjengedalNord-AmerikaAfghanistanEdvard VII av StorbritanniaTidslinje over norsk historieKommunevåpen i NoregEurystomusOpplettJungfraujochKateríniDigital object identifierFrøEncyclopædia BritannicaImbitubaTorpoSukkerOrientråkeNazismePotetLuhansk oblastAgatha ChristieThe Big BopperLa BambaBrahmaputraPolenAlzheimers sjukdomWayback MachineGaupeUrfolk i USASaint LuciaHundre års ensomhetTsjekkoslovakiaIngusjetiaHandball-VM 2015 for mennSein jura1795Nikita KhrusjtsjovTsjekkia🡆 More