Ulster (irsk Cúige Uladh eller Ulaidh; ulsterskotsk Ulstèr) er ein av fire provinsar Irland.
Provinsen består av ni grevskap og seks av desse utgjer Nord-Irland, medan dei tre andre ligg i Republikken Irland. Dei seks grevskapa i Nord-Irland er Antrim, Armagh, Down, Fermanagh, Londonderry og Tyrone, medan dei tre i Republikken er Cavan, Donegal og Monaghan.
Ulster | |||
Cúige Uladh | |||
| |||
Land | Mal:Landdata Storbritannia, Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Storbritannia, Irland | ||
Areal | 24 481 km² | ||
Folketal | 1 993 918 (2006) | ||
Folketettleik | 81 / km² | ||
Ulster 54°44′27″N 6°44′40″W / 54.740722222222°N 6.7445555555556°W | |||
| |||
Wiki Commons: Ulster | |||
Namnet Ulster vert av nordirske unionistar (tilhengjarar av Nord-Irland si tilknyting til Storbritannia) som regel berre brukt om dei seks grevskapa i Nord-Irland. Eit alternativt namn som vert nytta av unionistar og av mange i Storbritannia er The Province.
Av dei om lag 1,9 millionar innbyggjarane, bur nesten 1,7 millionar i Nord-Irland, og berre omkring 250 000 i Republikken.
På 1600-talet var Ulster den siste delen av Irland der gæliske styrkar stod imot engelskmennene. Etter at irane tapte slaget ved Kinsale i 1601, og seinare ved Mountjoy og Dunboy slott, kunne Elisabeth I av England legge heile Irland under den engelske krona.
I 1921, då Den irske fristaten vart oppretta, vart mesteparten av Ulster skild ut som ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
Ulster sitt tradisjonelle flagg er nesten identisk med Nord-Irland sitt uoffisielle flagg, som er utvikla frå dette. Den viktigaste skilnaden er at det nordirske flagget har kvit bakgrunn, og ei krone over den raude handa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ulster, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.