Skjoldet

Skjoldet (frå latin Scutum) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.

Skjoldet
Skjoldet
Skjoldet
Latinsk namn Scutum
Forkorting Sct
Genitivsform Scuti
Symbologi Namngitt av Hevelius
Rektasensjon 19 h
Deklinasjon −10°
Areal 109 kvadratgrader
nr. 84 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Scuti (3,85. mag.)
Meteorsvermar
  • Juni-scutidane
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +80° og −90°
Skjoldet
Stjernebiletet Scutum slik det er for det nakne auga.

Kjende objekt

Stjerner

Skjoldet er ikkje det mest lyssterke stjernebiletet, med den mest lyssterke stjerna, Alfa Scuti, med storleiksklasse 3,85. Beta Scuti er den nest mest lyssterke med storleiksklasse 4,22, etterfølgd av Delta Scuti med storleiksklasse 4,72. Beta Scuti er ei dobbeltstjerne, der den primære har ei spektralklasse som liknar sola, sjølv om ho er 1270 gonger meir lyssterk. Delta Scuti er ei blåkvit kjempestjerne som har retning mot solsystemet. I løpet av 1,3 million år vil ho kome så nær som 10 lysår frå jorda, og mykje meir lyssterk enn Sirius på den tida.

Skjoldet er kjend for UY Scuti, ei raud superkjempe som pulserer. Med ein storleik på 1 708 ± 192 solradiar, er ho den største stjerna ein kjenner til.

Djupromsobjekt

Sjølv om det ikkje er eit stort stjernebilete, har Skjoldet fleire opne hopar, i tillegg til ein kulehop og ei planetarisk tåke. Dei to best kjende djupromsobjekta i Skjoldet er M11 (Villandhopen) og den opne hopen M26 (NGC 6694). Kulehopen NGC 6712 og den planetarisk tåka IC 1295 ligg aust i stjernebiletet, berre 24 bogeminutt frå kvarandre.

Den mest markante opne hopen i Skjoldet er Villandhopen, M11. Han fekk namn av William H. Smyth i 1844 fordi han likna ein andeflokk på flukt. Hopen ligg 6200 lysår frå jorda og er 20 lysår i diameter, med kring 3000 stjerner, og er ein særleg rik hop. Han er 220 millionar år gammal.

Romforsking

Romsonden Pioneer 11 flyttar seg i retning av dette stjernebiletet, men vil truleg ikkje nærme seg seg nokre av stjernene i biletet på mange tusen år, då batterial truleg for lengst er døde.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Skjoldet  Commons har multimedium som gjeld: Skjoldet

Tags:

Skjoldet Kjende objektSkjoldet RomforskingSkjoldet KjelderSkjoldet BakgrunnsstoffSkjoldetHimmelkvelvingaLatinStjernebilete

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jean-Pierre ThiolletSax-a-boomPortugisiskKairoFolkesuverenitetsprinsippetWiki CommonsForretningsordenMonacoGuildfordMarokkoHasardJødedommenCornelis VreeswijkGullYNarutoRubiks kubeWKristian ØdegårdBartreØresundbruaGiljotinHierarkiDen store brennevinsdagenInformasjonskapselHardangerbruaDet indiske kastesystemet10UnixLamaJesusMenneskeanatomiChatGPTRomaHagePresidentMuslimsk tidsrekningKaspihavetMexicoDet hebraiske alfabetetNotbåtMasafueratornstjertWikiSamleieMaliLaosGrevlingSør-AfrikaDetektivforteljingStåle SolbakkenRichard TandyDnipropetrovsk oblastElin Ørjasæter4Kultur i 1894Hertz33IALA maritime bøyesystemIsoterm prosess30Don DixonEngelskHamburg-AmerikalinjaDen transsibirske jarnvegenTørt klimaOperasjon BarbarossaFilmserien Harry Potter55Verdas land etter folketettleikMS «Berge Stahl»TorinoJomfru MariaJordaGjeddeElazığDen ytre kjernen🡆 More