Sketj er eit kort drama eller teaterstykke med komisk sluttpoeng som gjerne er del av revyar eller radio- og TV-program.
Ein kan også framføra sketsjar på festar og liknande. Ordet kjem via engelsk og er opphavleg frå italiensk skizzare ('teikna'). Det er etymologisk identisk med ordet skisse.
Sketsjar er korte stykke og kan framførast etter kvarandre, utan ein raud tråd mellom dei. Ofte har dei meir eksentriske figurar enn lengre produksjonar. Sjangeren kan vera eit godt format å arbeida med samanlikna med ein meir omfattande komedie der handlinga må vara lengre og ha ein meir grunnleggjande struktur. I ein sketsj kan ein i staden ha grunnare, mindre omfattande manuse. Sketsjar kan vera ein god måte for professjonelle til å prøva ut idéar på. Menge rollefigurar har byrja i sketsjar i ulike produksjonar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sketsj, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.