Sions vises protokollar er eit antisemittisk verk som opphavleg kom ut på russisk og gjev seg ut for å vera ein hemmeleg møteprotokoll frå den første sionistkongressen i Basel i 1897.
Skriftet er ei forfalsking. Skriftet skildrar ein jødisk plan om verdsherredøme. Det har blitt brukt av ei rekkje antisemittar som «bevis» i kampen mot jødenes påståtte, samfunnsøydeleggjande sammensverjingar. Skriftet kan sjåast som ein tidleg konspirasjonsteori.
«Protokollane» blei gjevne ut for første gong i 1903 i den russiske avisa Znamya ('Banneret'). I 1905 kom den versjonen som etter kvart gjekk sin sigersgang internasjonalt, først trykka i ei antijudaistisk bok om Antikrist og Satan av den kristne mystikaren Sergej Nilus. Nilus hevda at kjelda hans hadde stole dokumentet frå eit (oppdikta) sionistisk hovudkvarter i Frankrike,
I 1911 blei trykksaken publisert som sjølvstendig hefte. Verket blei deretter omsett til fleire språk og fekk stor spreiing og tyding for synet på jødane i mellomkrigstida. Det blei først gitt ut i Noreg i 1920 med tittelen Den Nye Verdenskeiser. Zions Lærde Ældstes Protokoller.
Sions vises protokollar er eit tidvis ordrett plagiat av tekstar og idear frå franske og prøyssiske romanar som kom ut på 1850- og 1860-talet. Opphavleg handla det om konspiratoriske jesuittar, siden om samfunnskritisk satire utan tanke på rase eller religion, men snart om ekstrem antisemittisme. Sjølve «Protokollane» blei først formidla som pamflett i Det russiske keisarriket på 1870-talet, så gjentatt på 1890-talet då det hemmelege politiet i Russlad utnytta det antisionistiske innhaldet i ein svertekampanje mot moderne reformrørsler. Jødene blei dermed gjort til syndebukkar for revolusjon og arbeidarrørsla, liberalisme, humanisme, demokrati, sekularisering (avkristning) og andre modernitetar som undergrov den tradisjonelle makta til tsarveldet og kyrkja. Professor i tysk ved universitetet i Yale skreiv i 1987 at novella «Biarritz» frå 1868 av Herrmann Goedsche under aliaset Sir John Retcliffe, er opphavet til protokollsvindelen.
Dokumentet spreidde seg internasjonalt først to tiår etter det vart fabrikkert av det russiske hemmelege politiet. Det vart vidt trykt opp og gjenutgjeve både samstundes med influensapandemien i 1918-20 og etter revolusjonen i Russland i 1917, som båe auka frykta for at skjulte krefter var i fare for å ta sosial kontroll.
Bilprodusenten Henry Ford omsette og trykte Sions vises protokollar i avisa si, Dearborn Independent, mellom 1920 og 1927, saman med artiklar der han skulda jødane for å undergrava det amerikanske samfunnet. Dette unnskulda han seg for seinare.
Sions vises protokollar blei endelig avslørt som ein bløff i ein artikkelserie i londonavisa The Times i 1921. Likevel presenterte tyske nasjonalsosialistar verket i skulane i det tredje riket på 1930-talet. «Protokollane» blei også brukt til å legitimera holocaust, den organiserte masseutryddinga av jødar under andre verdskrigen. Den falske teksten har framleis politisk kraft, særleg i Midtausten i konflikten mellom arabiske grupperingar og jødar i Israel. Sions vises protokollar blir også brukt av nynazistar for å rettferdiggjera jødehat og nazisme i dagens samfunn.
Ei tolking av teksten si rolle i ein større samanheng er presentert av W.G. Carr i bøkene hans, t.d. Pawns In The Game. Der blir det presentert eit endå større komplott, der denne boka blir brukt som manipulasjon for å skape fiendskap mot jødar i ein langsiktig plan for å øydeleggja alle religionar, inkludert jødedommen, for til slutt å prøve å skape eit positivt bilde av satanismen. Eit av måla til plottmakarane presentert i Carr si bok er å opprette staten Israel som ein provokasjon mot særskilt dei Islamske nasjonane og vidareutvikla denne konflikten i parallell med ein storkrig mellom den kristne Vesten og den ateistiske kommunismen. Planen presentert i Protokollane blir her framstilt som prinsipielt i tråd med måla til lusiferdyrkande satanistar, som jamfør teorien nyttar dei same taktikkane og samstundes legg skylda på jødane.
Skriftet påstår seg altså å vere hemmeleg dokument om ein jødisk plan for å vinna herrevelde over jorda. Det inneheld 24 protokollar (i form av 24 heller korte kapittel, kvart med fokus på ulike tema i planen), der det kjem framlegg om korleis dette herredømet skal oppnåast. Mellom anna skal det jødiske verdsherredømet fremjast ved å spreie darwinisme, liberalisme, marxisme og pornografi. Kristendom og andre religionar skal brytast ned og ateisme skal fremjast, for å rydde plass for hegemoniet til jødedomen.
Innhaldet er ei veldig detaljert skildring av ulike sider av ein plan for å omforme bokstavleg tala alle verdas land til å komme under eit sentralisert styre. Metodane nemnde for å oppnå dette, og forklaringa rundt, er ekstremt kyniske og undertrykkande. Til dømes går dei ikkje av vegen for å svelta i hel heile samfunn eller å utsetja folk for smitte av sjukdom bevisst for å undergrave tilliten til levedyktigheiten av styresettet der, slik at dei sjølve kan koma inn med sine ressursar og få ta over styringa.
At det verkeleg er jødar som står bak slike planar er avvist tallause gongar, sjølv om det er presentert slik i teksten, på ein måte som får jødane til å framstå i svært dårleg lys.
Det er veldig mange detaljar i Protokollane som kan samanliknast med utviklinga i verda, og populariteten til skriftet er nok i stor grad grunna i at det framstiller ei appellerande samanhengjande forklaring på så mange faktorar.
Delar av planen skildra i boka involverar mellom anna å:
Innhaldet er svært sjokkerande i det negative menneskesynet sitt, og er bokstavleg tala ei krigserklæring mot folk flest, der ingen verkemiddel ser ut til å vere utelukka og sjølv målet virkar å vera eit tilrøva, tvunge og hardt diktatur.[treng kjelde]
Dette er eit svært komplisert og uttenkt skriv med klare inspirasjonar og plagiat frå fleire tidlegare bøker, m.a. av Maurice Joly. Det inneheld eit svært nedlatande språk mot verdas arbeidarklasse og er gjennomsyra av nedlatande haldningar mot alle andre folk enn jødar, der forfattaren vert framstilt som ein talar ved eit hemmeleg møte blant innvidde medlem i ein slags hemmeleg jødisk organisasjon. Nivået på kynismen og menneskefiendtlegskapen både i skildringa av planen og av endemålet, som i den forfalska, antisemittiske teksten er eit verdsvidt kongedøme med ein jødisk konge på trona, gjer han svært provokativ om nokon trur på innhaldet.[treng kjelde]
Årsaka til at han har hatt slik nedslagskraft er at han summerar opp veldig mange faktiske plager som folk kan kjenna seg att i, t.d. fattigdom, sjukdom, krig og naud, og vrir dette til på ein særs utspekulert måte som får det til å sjå ut som at desse problema er villa av leiande krefter i ei hemmeleg, mektig jødisk røyrsle.[treng kjelde]
Del av skulda for at dette skrivet framleis blir brukt som antijødisk propaganda er nok at planen det skildrar er temmeleg detaljrik, djevelsk kløktig i sine drøftingar av ulike sider i planen og det ligg tydelegvis mykje tanke bak. Dette er ingen enkel mobbandes plakat, eller eit slagord mot jødane, heller ei skildring av eit sinnrikt og ondskapsfullt system av mange element på nær sagt alle sider av samfunnet, frå kontroll av overnasjonale organ til kontroll av individet sine hobbyar, som er skrive på ein slik måte at det verkar som ei samling av internt jødiske møteprotokollar som har vorte lekka. Eit anna element er at det i teksten står skrive at leiarskapet bak dette komplottet har tenkt å la sine egne jødiske kameratar verte ofra for å skape sympati for seg sjølve og for å kunne stemple all motstand og kritikk mot planen som antisemittisme. Så ein forstår at den psykologiske manipulasjonen av lesarane ligg på eit avansert nivå i denne oppdiktinga, og for å avvæpne den kan det være lurt å ta den trusselen alvorleg, sidan å gøyme vekk faktorane som kan overtala folk utan å forklare grundig kvifor det er feil, kan skapa eit grorom for vidare misforståing og hat. Argumentasjonen må bli meir tung enn berre eit antisemittisk stempel, fordi det kan gjere meir skade enn gagn i dette tilfellet.[treng kjelde]
Sitat frå sida til ADL om boka, ein av dei eldste og største organisasjonane mot jødehat:
"I 1935 skreiv ein sveitsisk domar som var domar i ei rettsak mot to sveitsiske nasjonalsosialistar anklaga for sirkulasjon av protokollane:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sions vises protokollar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.