Sigurd Hoel (14.
desember">14. desember 1890–14. oktober 1960) var ein norsk forfattar frå Nord-Odal i Hedmark. Han debuterte med novellesamling Veien vi gaar i 1922. Gjennombrotet kom med Syndere i sommersol (1927), som vart filmatisert i 1934.
Sigurd Hoel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. desember 1890 Nord-Odal kommune |
Død | 14. oktober 1960 (69 år) |
Yrke | skribent, litteraturkritikar |
Medlem av | Det Norske Akademi for Språk og Litteratur |
Ektefelle | Nic Waal |
Sigurd Hoel på Commons |
På 1930-talet var Hoel redaktør for Gyldendal norsk forlag sin «Gule Serie», der han var med å omsetja kjende, internasjonale verk til norsk. Dette gjaldt mellom anna verk av forfattarar som Ernest Hemingway, F. Scott Fitzgerald og Franz Kafka.
Veien til verdens ende (1933) er ei barneskildring frå bondemiljø, og vert rekna som eit av hans hovudverk. Der og i boka Møte ved Milepelen (1947) tek han avstand frå nazismen. Trollringen (1958) er òg eit av dei meir kjende verka av han.
Hoel stødde aktivt opp om riksmålsrørsla. Han var mellom stiftarane av Forfatterforeningen av 1952 og var formann for Riksmålsforbundet frå 1956 til 1959.
Sigurd Hoel døydde av slag, 69 år gamal.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sigurd Hoel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.