Sigill eller segl er avprent i lakk, voks, papir eller liknande materiale som er festa til eit dokument for å stadfesta at det er ekte.
Avprentet er laga med eit signet. Sigill har funnest for einskilde personar, for stader, herad, domstolar og statar. Dei har i hovudsak vortne brukt på dokument, men òg på andre ting som salsvarer som skulle haldast lukka.
Sigill kan vera flate plater som vert trykte ned i forseglinga, eller runde sylindrar som vert rulla over materialet. Biletet av seglet er oftast gravert inn i seglstampen, slik at avtrykket vert plastisk. Relieffstempla var opphavleg laga av metall, stein eller brent leire, men i dag vert dei til vanleg skorne i stål eller messing.
«segl» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sigill, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.