Shannontalet, 10120, var det første estimatet av kompleksiteten til sjakk innan spelteori.
Det var opphavsmannen til informasjonsteori, Claude Shannon, som rekna ut talet. Han meinte at eit parti sjakk har i gjennomsnitt 40 trekk, og at kvar spelar kan velja mellom rundt 30 moglege trekk. Derfor finst det(30×30)40, eller 90040 moglege sjakkspel. Dette talet er om lag 10120, sidan løysinga på likninga 90040=10x er x=40×log 900.
Kompleksiteten til sjakk er i dag blitt justert opp til om lag 10123. Det er vanleg å samanlikna dette talet med kor mange atom ein reknar med det finst i universet – eit mykje lågare tal, mellom 4×1078 og 6×1079.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Shannontalet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.