Serbia I Eurovision Song Contest

Serbia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke fjorten gongar.

Serbia deltok tidlegare som ein del av Jugoslavia, sidan som ein del av Serbia og Montenegro, og frå 2007 som ein sjølvstendig nasjon. Serbia vann tevlinga på sitt aller fyrste forsøk som eigen nasjon; ingen andre land har klart å vinne Eurovision Song Contest på fyrste forsøk. Serbia har aldri kome sist, men har tre gongar ikkje kvalifisert seg til finalen.

Serbia I Eurovision Song Contest
Serbia
Serbia I Eurovision Song Contest

RTS
Uttakingar
Nasjonalt 10
Internt 4
Deltaking
Debutår 2007
Deltakingar 14
Beste resultat
Semifinalen 1 (2007)
Finalen 1 (2007)
Verste resultat
Semifinalen 11 (2013 og 2017)
Finalen 19 (2018)
Poeng
Semifinalane 1 609
Finalane 1 583
Totalt 3 192

Historikk

Serbia var tidlegare ein del av Jugoslavia, som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Åra etter og fram til 2003, fekk ikkje landet deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.

Føderasjonen Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og begrunna det med at for mange land ville bli ståande utafor finalen om ein slapp inn fleire nye land. I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ein montenegrinsk folkeavrøysting om lausrivelse. Montenegro erklærte sin sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia. Begge landa debuterte som sjølvstendige land i Eurovision Song Contest 2007.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest.

Vann i debuten

I 2007 debuterte Serbia som ein sjølvstendig nasjon, og balladen til Marija Šerifović, «Molitva», vann tevlinga etter å ha fått 268 poeng. Serbia vart med det det fyrste landet til å vinner Eurovision Song Contest på fyrste forsøk, sidan Sveits vann den aller fyrste utgåva av tevlinga i 1956. Som fylgje av sigeren til Šerifović vart Eurovision Song Contest 2008 arrangert i hovudstaden til Serbia, Beograd. Som arrangør var Serbia direktekvalifisert til finalen, og det serbiske bidraget, Jelena Tomašević og songen «Oro», enda til slutt på ein sjetteplass.

I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var landets berømte songar og komponist, Željko Joksimović, tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den førebels dårlegaste plasseringa til Serbia kom året etter då Moje 3 og songen «Ljubav je svuda» berre vart nummer 11 i sin semifinale. Dette var andre gongen Serbia ikkje kvalifiserte seg. Fire år seinare, i 2017, vart rekorden tangert, då Tijana Bogićević og songen «In Too Deep» også kom på ellevteplass i sin semifinale.

I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var den kjende songaren og komponisten Željko Joksimović tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den foreløpig dårlegaste plasseringa til landet kom året etter då «Ljubav je svuda» av Moje 3 berre blei nummer 11 i den første semifinalen. Dette var andre gong Serbia ikkje kvalifiserte seg til finalen.

Etter den serbiske debuten i 2007, har Serbia berre stått utanfor tevlinga éin gong. Hausten 2013 annonserte den serbiske kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS) at landet ikkje kom til å deltake i tevlinga i 2014. Årsaka var den anstrengte økonomiske situasjonen til tv-kanalen og mangel på sponsorar. Men Serbia sendte alle tre showa og kom tilbake til Eurovision Song Contest igjen i 2015.

Bidrag i Eurovision Song Contest

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Serbia I Eurovision Song Contest  2007 Marija Šerifović «Molitva» Serbisk 268 1 298 1
Serbia I Eurovision Song Contest  2008 Jelena Tomašević med Bora Dugić «Oro» Serbisk 160 6 Direktekvalifisert
Serbia I Eurovision Song Contest  2009 Marko Kon og Milaan «Cipela» Serbisk Ikkje kvalifisert 60 10
Serbia I Eurovision Song Contest  2010 Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 72 13 79 5
Serbia I Eurovision Song Contest  2011 Nina «Čaroban» Serbisk 85 14 67 8
Serbia I Eurovision Song Contest  2012 Željko Joksimović «Nije ljubav stvar» Serbisk 214 3 159 2
Serbia I Eurovision Song Contest  2013 Moje 3 «Ljubav je svuda» Serbisk Ikkje kvalifisert 46 11
Serbia I Eurovision Song Contest  2014 Deltok ikkje
Serbia I Eurovision Song Contest  2015 Bojana Stamenov «Beauty Never Lies» Engelsk 53 10 63 9
Serbia I Eurovision Song Contest  2016 Sanja Vučić ZAA «Goodbye (Shelter)» Engelsk 115 18 105 10
Serbia I Eurovision Song Contest  2017 Tijana Bogićević «In Too Deep» Engelsk Ikkje kvalifisert 98 11
Serbia I Eurovision Song Contest  2018 Sanja Ilić og Balkanika «Nova Deca» Serbisk 113 19 117 9
Serbia I Eurovision Song Contest  2019 Nevena Božović «Kruna» Serbisk 89 18 156 7
Serbia I Eurovision Song Contest  2020 Hurricane «Hasta la vista» Serbisk Tevling avlyst
Serbia I Eurovision Song Contest  2021 Hurricane «Loco Loco» Serbisk 102 15 124 8
Serbia I Eurovision Song Contest  2022 Konstrakta «In corpore sano» Serbisk og latin 312 5 237 3
Serbia I Eurovision Song Contest  2023 Luke Black «Samo mi se spava» Engelsk og serbisk

Røystehistorikk

Finalane (2007–2022)

Serbia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Serbia I Eurovision Song Contest  Italia 82
02 Serbia I Eurovision Song Contest  Russland 73
03 Serbia I Eurovision Song Contest  Ungarn 68
04 Serbia I Eurovision Song Contest  Ukraina 66
05 Serbia I Eurovision Song Contest  Bosnia-Hercegovina 61

Serbia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Serbia I Eurovision Song Contest  Nord-Makedonia 150
02 Serbia I Eurovision Song Contest  Montenegro 138
03 Serbia I Eurovision Song Contest  Kroatia 131
04 Serbia I Eurovision Song Contest  Slovenia 129
04 Serbia I Eurovision Song Contest  Sveits 110

Semifinalane (2007–2019)

Serbia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Serbia I Eurovision Song Contest  Nord-Makedonia 89
02 Serbia I Eurovision Song Contest  Ungarn 88
03 Serbia I Eurovision Song Contest  Kroatia 72
04 Serbia I Eurovision Song Contest  Slovenia 59
05 Serbia I Eurovision Song Contest  Montenegro 57

Serbia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Serbia I Eurovision Song Contest  Slovenia 86
02 Serbia I Eurovision Song Contest  Nord-Makedonia 80
03 Serbia I Eurovision Song Contest  Frankrike 69
04 Serbia I Eurovision Song Contest  Kroatia 68
05 Serbia I Eurovision Song Contest  Montenegro 65

Galleri

Vertskap

År Stad Arena Programleiarar
Serbia I Eurovision Song Contest  2008 Beograd Beogradska Arena Jovana Janković og Željko Joksimović

Sjå òg

Referansar

Kjelder

Tags:

Serbia I Eurovision Song Contest HistorikkSerbia I Eurovision Song Contest Bidrag i Eurovision Song ContestSerbia I Eurovision Song Contest RøystehistorikkSerbia I Eurovision Song Contest GalleriSerbia I Eurovision Song Contest VertskapSerbia I Eurovision Song Contest Sjå ògSerbia I Eurovision Song Contest ReferansarSerbia I Eurovision Song Contest KjelderSerbia I Eurovision Song ContestEurovision Song ContestEurovision Song Contest 2007Jugoslavia i Eurovision Song ContestSerbiaSerbia og Montenegro i Eurovision Song Contest

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Linn UllmannMount StaleyMantoúdi-Límni-Ajía ÁnnaStavangerensembletFuglarSauSavoykålDampmaskinOle Asbjørn NessVulkanar i ItaliaKonkursHollandTsjekkiaHappy HumanGrefsen stasjonGeitSkigardsviseNoregHomofiliUkrainsk kulturSamleiePjotr TsjajkovskijMoskvaFlekkerøyJens StoltenbergMuhammedFlodhestNord-KérkyraDorídaEngavågenItaliaMJosef StalinKate BushSjokoladen HobbyHaparandaDet britiske imperietDírfys-MessápiaSymbol i hinduismenFærøyaneHønsBlåbærHarald EiaLønnesirupJordbruksrevolusjonen2006GemyttKhalkídaLerkSanfolkHVACLondonJantelovenFin GnattGrønlandPeter BoszFot7. maiTrikken i BergenJordskorpeplateMalakoff RockfestivalAtombombene over Hiroshima og NagasakiAbkhasiaFranskFaggotMax CarlHotel Union ØyeFridthjov AnderssenSlangeberaren2024CaliforniaKarius og BaktusSamosaOdd-Bjørn Hjelmeset🡆 More