Sel er ein kommune nord i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.
Han grensar i nord til Dovre og Folldal, i aust og sør til Nord-Fron, og i vest til Vågå.
Sel kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Otta | ||
Areal | 905,05 km² | ||
- land | 894,73 km² | ||
- vatn | 10,32 km² | ||
Folketal | 5 756 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Eldri Siem (Sp) | ||
Kommunenr. | 3437 | ||
Sel kommune 61°49′01″N 9°34′24″E / 61.816944444444°N 9.5733333333333°E | |||
| |||
Wiki Commons: Sel | |||
Nettstad: www.sel.kommune.no | |||
Namnet «Sel» (uttala Sĕl, med stutt e) kjem av gammelnorsk Sil, som betyr stillerennande vatn i elv eller bekk.
Kommunevåpenet viser ei kvinne i gull på blå botn, og symboliserer sogefiguren Pillarguri.
Sel herad vart fyrst skipa 1. januar 1908 då dåverande Vaage (Vågå) herad vart delt i dei tre einingane Vaage, Hedalen (Heidal) og Sel. På denne tida hadde Heidal eit folketal på 1 241, medan Sel hadde 2 287 innbyggjarar. Den noverande Sel kommune vart skipa 1. januar 1965 då Heidal og Sel vart slegne ihop, Heidal hadde då eit folketal på 1 731, medan Sel hadde 3 687 innbyggjarar. I tillegg vart krinsen Tolstadåsen med 35 innbyggjarar overført frå Vågå og krinsane Sandbu og Sjoa med eit samla folketal på 413 overførte frå Nord-Fron. Det har såleis ikkje vore endringar i arealet til kommunen sidan dess.
Kring 1930 hadde Heidal herad tre skulekrinsar, medan dåverande Sel hadde seks krinsar. Krinsane i Heidal tok nynorsken i 1933, medan dei i Sel fekk målet i 1939. Fram til 1970 var det berre nynorskelevar i grunnskulane i Sel, mens det frå 1971 har vore parallellklasser med bokmål på Otta skole. Sidan dess har delen nynorskelevar minka stendig og låg samla for dei fire grunnskulane i kommunen på 47 % i 2012. Frå skuleåret 2012-13 vert bokmål hovudmålet ved Otta skole, medan det hausten 2013 var folkerøystingar om målforma ved Heidal og Sel skuler. Det vart store fleirtal for nynorsken, så desse skulane ville framleis halde på målet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sel kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.