Bekk

Bekk er ein etter måten liten, naturleg straum av vatn i eit far i terrenget, bekkefaret.

Ein bekk skil seg såleis frå ei elv ved å vere mykje mindre både når det gjeld vassmengda og breidda av faret, og er òg som oftast mykje stuttare.

Bekk
Ein bekk.

Ein bekk kan få tilførsle av vatn beinveges frå terrenget ikring, slik at det ikkje kan påvisast ein konkret stad der han byrjar, eller han kome ut frå ei myr, eit tjern, eit vatn, eller frå ei kjelde, ei olle eller eit oppkome, altså til å byrje med vere grunnvatn som kjem opp til overflata frå ei vassår (vassåre) i jorda. Bekken endar anten i ein annan bekk, i ei elv, eit tjern, eit vatn, eller i sjøen, eller han kan forsvinne ned i holrom i jorda eller i lausmassar.

Ordet bekk, ofte i fleirtal, vert òg nytta om små mengder vatn eller væte som renn i strimer utover ei flate, til dømes utover golvet etter vasslekkasjar i taket, eller om vatn som i einskilde høve strøymer i strimer nedetter til dømes ei skråning, ein veg, utover eit jorde og liknande; «i vårløysinga strøymer vatnet i bekkar nedetter jordet».

Andre ord som tyder bekk

Ein bekk kan òg verte kalla ei gróv, slik ordet gróv jamvel kan tyde vassfar, eller eit lite vassdrag. Ein djup bekk som renn stille eller med svak straum, vert ofte kalla ein løk. Naturleg utviding i eit bekkefar eller ei elv vert òg gjerne kalla ein løk.

Tags:

Elv

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Anne RimmenSol InvictusEli Kari GjengedalHeinoNord-SulawesiHelena Bonham CarterSamvirkelagVik kommuneChris BrownCascadaEtasjeOddvar TorsheimAllahu akbarFleetwood MacTaylor SwiftAsker TurlagLundefuglJordanRagnhild HagaHenrik WergelandSzilveszter CsollányFilmserien Harry PotterVisaltíaLinerleMalignitetSwire SeabedNéa ZíkhniAztekararLindisfarne klosterBautaKonservativFredrik SolvangKyle Walker27-årsklubbenFonnesFotballVerdsdelJødedommenTranebærDurraStillehavetPyrenéhalvøyaFascismeBanefartBerlinmurenEgyptOverflatisk venePalestinaSymbol i hinduismenJonsokPolenBalderMatJernTotaktsmotorTorinoLydfartKristopher SchauAsle Madssen StrandGasskonstantEkvatorLohengrin sjokoladeDen dominikanske republikkenEselPolarlysIvan KramskojJantelovenMoskvaPožega-SlavoniaFriksjonPensjonDet tredje riketIgor VoriNasjonaldagInternasjonal telefonkodeKvalsundskipet🡆 More