Seglskutetida

Seglskutetida viser til perioden då seglskuter var dominerande som transportmiddel på sjøen.

Omgrepet er i bruk på mange språk, og viser minst til tida frå siste halvdel av 1500-talet til midten av 1800-talet. Utbreidd bruk av seglskip til handel og krigføring var eit kjenneteikn for tidleg moderne tid og oppdagingstida, sistnemnde frå eit europeisk synspunkt der seglskip blei nytta til utforsking og transport mellom dei ulike verdsdelane.

Seglskutetida
Slaget ved Scheveningen 1653, målt av nederlandske Jan Abrahamsz.Beerstraten. Tilhøyrar Rijksmuseum Amsterdam.
Seglskutetida
Krigsskip, illustrasjon frå Cyclopedia 1728.

Det er enklare å slå fast kva tid seglskutetida slutta enn kva tid ho byrja. Seglskuter blei avløyste av dampskip og samstundes blei transport over land meir effektiv med jarnbane og motorisert biltrafikk på vegar. Byrjinga til perioden er vanskeleg å slå fast fordi det krev kunnskap om utviklinga til skipstypane, og overgangen frå båt til skip.

Byrjing

Mange vil meina at seigskutetida tok til på 1500-talet, fordi skipa då blei større og omfanget av lange seilasar blei større etter oppdagingane av nye verdsdelar. Men fartøy og båtar med segl som framdrift, til så vel handel som krig, er brukt langt attende i historia. I mellomalderen var trafikken med mindre seglfartøy gjennom Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat, Øresund og Austersjøen av stor tyding for utvikling av handel og kultur i alle land som grensa til desse sjøområda.

Internasjonalt knyter omgrepet for denne historiske perioden til segl som framdrift på krigsskip. Store krigsskip med segl, og væpna med eit stort tal kanonar på eitt, to eller tre kanondekk, var dominerande i dei store sjøkrigsnasjonane frå 1500-talet fram til siste halvdel av 1800-talet, eller frå 1600 til 1850.

Gullalderen

Seglskutetida 
Litofrafi av klipperen «Red Jacket» i fart mellom Australia og England.
Seglskutetida 
Fotografi av «France II»

Gjennom heile perioden utvikla ein teknologien for seglskip, og midten av 1800-talet er rekna som byrjinga på ein gullalder då ein fekk dei mest komplekse skipa, som klipperar.

Det største seglskipet ein bygde var «France II», som blei sjøsett i 1912. Dette var ein femmasta bark på 5800 bruttotonn som hadde to hjelpemotorar.

Slutten på seglskutetida

Seglskutetida tok slutt då dampskipa overtok, og dei fleste vil meina at år 1900 kan setjast som tidspunktet då seglskutetida var over. Dampskip hadde då allereie frakta større tonnasje i nokre tiår.

Det fyrste dampskipet bygd som krigsskip var «Napoléon» frå 1850. Det blei frukt fleire dampdrivne krigsskip under Krimkrigen, særleg av dei allierte (britiske, franske og tyrkiske styrkar) under omleiringa av Sevastopol (1854–1855). Det fyrste dampdrivne panserskipet, «Gloire», blei sjøsett av den franske marinen i november 1859. Sjøslag i Den amerikanske borgarkrigen mellom dampskip, utan master, segl og tilhøyrande rigg og med eit fåtal svingbare kanonar, og tradisjonelle krigsseglskip, overtydde om at dampskipa var overlegne.

Seglskuter i Noreg

Gullalderen for norske seglskuter byrja i 1848, då England oppheva navigasjonslovane og fram til fyrste verdskrigen, då dampskip for alvor overtok transporten på havet. Fram til andre verdskrigen gjekk likevel norske seglskuter framleis i handelsfart.

I den første fasen var dei norske fortrinna låge lønningar og ein lang kyst. Eksport av trelast var òg ei viktig næring som hadde stor tyding. Hovuddelen av dei norske seglskutene høyrte heime på Sør-, Aust- og Sørvestlandet. Eigarforma var ofte partreiarlag. Det tyder at skipet (kvar skuta var eitt reiarlag) hadde fleire eigarar som kvar åtte eit viss mengd partar i skipet. I området rundt Arendal var det vanleg at bøndene blei reiarar ved å levera tømmer til skipa. Midt på 1880-talet, i gullalderen, oversteig likningsverdien av seglskutene i Nedenes amt alle gardane i amtet.

Rundt 1900 hadde tyngdepunktet i den norske flåten flytta seg frå seglskip til dampskip. Men dei siste store seglskutene var i drift til etter 1. verdskrigen, og små seglskip i spesiell fart var i drift heilt til 1950-åra.

Kjelder

Sjå òg

Tags:

Seglskutetida ByrjingSeglskutetida GullalderenSeglskutetida Slutten på seglskutetidaSeglskutetida Seglskuter i NoregSeglskutetida KjelderSeglskutetida Sjå ògSeglskutetidaOppdagingstidaSeglskipTidleg moderne tidTransport

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

CHOBA B CCCP9. oktoberHundre års ensomhetAlfons XIIIIndonesiaAnarkokapitalismeAtle SponbergOle PausEselAndre påskedagArve OpsahlUljanovsk oblastHardangerJordskjelv i 2020LímnosHovdyrLa RochelleKelly ClarksonThank God It's ChristmasMonogamiBergen kommuneKnut Marius DjupvikArturo VidalOffisielt språkSverigeStrynefjelletTsjekkoslovakiaHändels MessiasLimpopoTidlegare kommunevåpen i NoregMørk materiePjokken EidePolenØRenée ZellwegerDire Straits av Dire StraitsAmazonaselvaDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenDet britiske imperietMaisPuffa risFjols til fjellsSukkerBrahmaputraJon AlmaasAsiaHellasFamily GuyKasakhstanÅl i HallingdalBob MarleyKolibriHotel Union ØyeKolkataInnsjøar i SverigeBergstaden RørosAfghansk myndeCyanFilmjølkEkvatorAmanda DelaraRonja RøverdatterSjøløverPetter NorthugHeilage onsdagEuphoria av LoreenEurovision Song Contest 2012Kapp VerdeDown to the WaterlineLa BambaDílosPrositPeriferieininga ThessaloníkiRiksveg 71998MakedonskKristian VI av Danmark-Noreg🡆 More