Ein dampbåt, eller eimbåt, er ein båt som vert driven av ei dampmaskin.
I Noreg får dampskip nemninga DS framføre skipsnamnet.
Dampbåt var opphavleg ei nemning på skip med kolfyrt dampmaskin som gradvis overtok etter seglskipa. Denis Papin tykkjest ha vore den fyrste som monterte ei dampmaskin i ein båt, i 1704. Verdas første kommersielle dampskip, North River Steamboat laga av Robert Fulton, i USA, blei sett i drift i 1807. I 1818 var DS «Savannah» det første dampskipet som kryssa Atlanterhavet frå USA til Europa — det vitja Arendal som siste europeiske hamn på heimreisa etter å ha vore i Stockholm og St. Petersburg. Dette var første gong nokon såg ein dampbåt i Noreg. Dei to første dampbåtane som blei tekne i bruk her i landet var DS «Constitutionen» og DS «Prinds Carl», hjuldamparar som blei sett i trafikk i 1826.
Frå 1860 blei dampbåtane bygd i jern. Utviklinga gjekk mot stadig større skip, og DS «Mauretania» som blei sjøsett i 1907 var på 45 000 tonn. I 1911 kom så DS «Olympic» og RMS «Titanic» på 60 000 tonn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dampbåt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.