Sandnes Kommune: Kommune i Rogaland fylke i Noreg

Sandnes kommune er ein kommune på Nord-Jæren og sørlege Ryfylke i Rogaland fylke.

På Jæren grensar Sandnes kommune mot Stavanger og Sola i nordvest, og mot Klepp, Time og Gjesdal i sør. I Ryfylke grensar Sandnes mot Sirdal og Bykle i aust og mot Strand og Hjelmeland kommune i nord.

Sandnes kommune
kommune
Sandnes Kommune: Historie, Sandnesgauken, Kjøpesenterkommune
Sandnes Kommune: Historie, Sandnesgauken, Kjøpesenterkommune
Kommunevåpen
Land Sandnes Kommune: Historie, Sandnesgauken, Kjøpesenterkommune Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Sandnes
Areal 1 040,56 km²
 - land 945,05 km²
 - vatn 95,51 km²
Folketal 83 702  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Kenny Rettore (H)
Kommunenr. 1108

Sandnes kommune
58°50′42″N 5°49′46″E / 58.845°N 5.829444°E / 58.845; 5.829444
Sandnes Kommune: Historie, Sandnesgauken, Kjøpesenterkommune
Wiki Commons: Sandnes
Nettstad: www.sandnes.kommune.no

Kommunen er med sine 000000000083702.000000000083 702 innbyggjarar den ellevte mest folkerike kommunen i Noreg. Gjennom dei siste tjue åra fram til år 2020 har innbyggjartalet i kommunen årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9 %. Byen Sandnes saman med Stavanger gjer ut for tettstaden Stavanger/Sandnes, den tredje mest folkerike tettstaden i Noreg.

Historie

Sandnes Kommune: Historie, Sandnesgauken, Kjøpesenterkommune 
Sandnes om natta, sett frå Bogafjell (sør for byen). E39 på veg inn mot byen. Stavanger heilt i bakgrunnen

Sandnes si historie kan sporast attende heile 6–7 000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galdt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.

I samband med kommunereforma 2020 blei Sandnes kommune slått saman med tidlegare Forsand i Ryfylke. Med det fekk kommunen utvida flatevidda frå 304 til 1041 km², og fekk ei grense mot nabofylket Agder.

Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.

Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Jonas Øglænd A/S og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.

Sandnesgauken

I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.

Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan kalla seg sandnesar, sandnesbu eller sandnesgauk.

Kjøpesenterkommune

I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen & Strøm Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.

Kjende sandnesgaukar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Sandnes Kommune: Historie, Sandnesgauken, Kjøpesenterkommune  Commons har multimedium som gjeld: Sandnes kommune

Tags:

Sandnes Kommune HistorieSandnes Kommune SandnesgaukenSandnes Kommune KjøpesenterkommuneSandnes Kommune Kjende sandnesgaukarSandnes Kommune KjelderSandnes Kommune BakgrunnsstoffSandnes KommuneBykle kommuneGjesdal kommuneHjelmeland kommuneJærenKlepp kommuneKommuneRogaland fylkeRyfylkeSirdal kommuneSola kommuneStavanger kommuneStrand kommuneTime kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bon Iver, Bon IverEdvard VII av StorbritanniaMegalópoliKvigeAdolf HitlerRaudstrupeSki-VM 2019Heidi Ruud EllingsenFøderal republikkNye SverigeSkottlandUkrainsk kulturKomparativ fordelDet greske flaggetMarie AntoinetteNynorskVestlandetISBNNorske dialektarSkjør astmaÅlandMiljøproblemOslo kommuneIsraelSør-KynouríaMeter per sekundJehovas vitneAlbert GleizesKrøllparentesTuvinskEx-utstyrRakiaLydmålingOrrfuglOnarheimAutoritærElon MuskEdvard GriegØrsta kommuneInkarikets fallOmanFulpmesURLStilarkLagasildIslandske nasjonaldrakterHovdebygdaDanny CummingsOne PieceKabelsporvognOmastrandHarry PotterDavid HilbertSiderPeloponnesA Touch of ClassTablJesusMohamed Ould GhazouaniWehrmachtInformasjonskapselWhen We're OldRussisk litteraturSamisk språkhistoriePliktetikkNazismeMaserasjonTidssoneSekulærSunderland AFCErnst JosephsonAlsaceDikt1107Serious Hits… Live!Agnetha FältskogGjær🡆 More