Eit kjøpesenter er ei samling butikkar i eitt eller fleire bygg.
Kjøpesenterhistoria kan førast tilbake til vestasiatiske basarar frå nihundretalet eller tidlegare. I Europa tok ein til å byggja innelukka arkadar til å handla i på attenhundretalet. Burlington Arcade i London opna i 1819 medan Galleria Vittorio Emanuele II, på storleik med eit moderne kjøpesenter, opna i Milano på 1860-talet.
Med aukande privatbilisme leia USA utviklinga av kjøpesenter utanfor bysentrum. Desse kunne ein berre køyra til, men når ein først var der kunne ein kjøpa alt det ein ville ha, og meir til. Kjøpesentra blei populære valfartsstader som etter kvart spreidde seg til resten av verda.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kjøpesenter, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.