Sandhi (av sanskrit saṃdhi संिध 'samansetjing', saṃ सं 'saman' + dhi िध 'setjing') er ei nemning frå gamalindisk grammatikk, som i moderne språkvitskap blir nytta om fonologiske endringar som skjer på grensa mellom to morfem.
Dersom dei to morfema høyrer til det same ordet, kallar vi det intern sandhi. Dersom dei to morfema høyrer til to ulike ord, kallar vi det ekstern sandhi. Som ein hovudregel kan ein seie at sandhi skjer når vi elles hadde fått ein fonologisk struktur som bryt med fonotaksen i språket.
Ekstern sandhi er sandhi over ei morfemgrense som også er ei ordgrense.
I mange norske dialektar – særleg austlandske, trøndske og nordnorske – "smeltar" r og ɽ på slutten av eitt ord saman med ein t, d, n eller s fremt i neste ord til høvesvis ʈ, ɖ, ɳ eller ʃ. Her er nokre døme frå grenlandsmålet, med verbforma æːr 'er' pluss eit personnamn:
I mange dialektar av engelsk, mellom anna dei fleste dialektane i England, blir det sett inn ein ɹ mellom to ord dersom det fyrste endar på ein vokal V1 (monoftong eller diftong) og det neste ordet byrjar med vokal. V1 omfattar ikkje alle vokalar som førekjem på slutten av ord, mellom anna ikkje diftongar som endar på ɪ eller ʊ. Her er nokre døme på ɹ-innsetjing føre verbforma ɪz ‹is› 'er':
Intern sandhi skjer over grensa mellom to morfem som høyrer til det same ordet.
I mange norske dialektar – særleg austlandske, trøndske og nordnorske – "smeltar" r og ɽ på slutten av eit morfem saman med ein t, d, n eller s fremt i neste morfem til høvesvis ʈ, ɖ, ɳ eller ʃ. Her er nokre døme frå grenlandsmålet, med prefikset for pluss eit verb:
Det regelrette fleirtalssuffikset ved engelske substantiv blir skrive ‹s› (som i ‹cats› 'kattar') eller ‹es› (som i ‹boxes› 'boksar'), men det blir uttala ɪz, s eller z, avhengig av kva fonem stammen endar på:
Nokre døme:
Det er vanleg å framstille dette som sandhi, i det ein tenkjer seg at fleirtalssuffikset har ei grunnform (også kalla "underliggjande representasjon" eller "morfofonologisk representasjon") z som blir modifisert for å fjerne brot på engelsk fonotaks:
Då kan sandhien framstillast slik:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sandhi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.