Samisk Grammatisk Historie

Samisk grammatisk historie eller samisk morfologisk historie er det historiske oversynet over utviklinga av det samiske bøyingsverket frå ursamisk til dei moderne samiske språka.

Dei som framfor alt har arbeidd med denne tematikken er Mikko Korhonen og Pekka Sammallahti, seinare også til ein viss grad Jussi Ylikoski. Sjølv om Korhonen og Sammallahti sine syn på kronologien i den samiske språkhistoria har vorte revidert i løpet av dei siste tiåra (sjå Samisk språkhistorie) er rekonstruksjonane deira av den samiske morfologien framleis gyldig (med mindre unntak).

Vi kan rekonstruere det finsk-samiske urspråket som eit agglutinerande språk, noko dei austersjøfinske språka er den dag i dag, til skilnad frå dei moderne samiske språka, som i dag står fram som langt meir flekterande.

Substantivmorfologi

Kasus

Mikko Korhonen har rekonstruert det ursamiske kasussystemet slik (1981):

Kasus Eintals-
suffiks
Fleirtals-
suffiks
Tyding/bruk
Nominativ *-k Subjekt, objekt for imperativ
Akkusativ *-m *-jtē Objekt
Partitiv *-tē Partielt objekt, rørsle frå
Genitiv *-n *-j Eigartilhøve
Essiv *-nē *-jnē Vere (som)
Inessiv *-snē Vere på innsida av
Elativ *-stē *-jstē Ut frå / ut av
Illativ *-s̯ën *-jtēs̯ën (N)
*-jtē (S)
*-j̯t̯ën (In)
Bort til, inn i
Komitativ *-jnē
*-jnë (In, Lu)
*-j (+ *kuojmē) I lag med, med hjelp av
Abessiv *-ptāk̯ëk - Utan, manglande

Dette kasussystemet har utvikla seg til dei moderne systema på følgjande måte:

For sørsamisk er det få endringar. Sørsamisk har ikkje partitiv eller abessiv.

Personbøying av substantiv

Sammallahti sett opp dette rekonstruerte paradigmet for ursamiske possessivsuffiksendingar.

Ursamiske possessivsuffiks
Kasus Person Numerus
Singularis Dualis Pluralis
Nominativ 1. *-më *-mën *-mēk
2. *-të *-tën *-tēk
3. *-sē *-sēn *-sēk
Akkusativ 1. *-më *-mën *-mēk
2. *-mtë *-mtën *-mtēk
3. *-msē *-msēn *-msēk
Oblik 1. *-në *-nën *-nēk
2. *-ntë *-ntën *-ntēk
3. *-ssē *-ssēn *-ssēk

I nordsamisk har vokalen i singularisformene falle. Deretter har final *-m (eller den siste «-m» ) vorte til -n, så suffiksa er -n, -t, -s. I dualisformene har final -n falle, men vokalen står att, så formene er -me, -de, -ska. I pluarisformene har final -k vorte til -t, og formene er -met, det, set, Sjå avsnittet om possessivsuffiks i artikkelen nordsamisk morfologi for det moderne nordsamiske paradigmet.

Adjektivmorfologi

Adjektiv i dei samiske språka blir bøygde i kasus, og dei blir komparert, eller gradbøygd. Kasusbøyinga er den same som for substantiva. I tillegg har dei samiske språka, som dei einaste i den uralske språkfamilien, ei form for halvkongruens, der adjektiva har ei eiga attributtform (ođđa girji, 'ei ny bok') som for mange, men ikkje alle, adjektiv skil seg frå forma adjektivet har som predikativform (Girji lea ođas, 'boka er ny'). Eitt av adjektiva i nordsamisk kongruerer med substantivet i kasus (buorre, 'god'), i t.d. enaresamisk gjeld det fleire adjektiv. Opphavet til attributtforma er omstridd.

Fotnotar

Litteratur

Tags:

Samisk Grammatisk Historie SubstantivmorfologiSamisk Grammatisk Historie AdjektivmorfologiSamisk Grammatisk Historie FotnotarSamisk Grammatisk Historie LitteraturSamisk Grammatisk HistorieJussi YlikoskiMikko KorhonenPekka SammallahtiSamisk språkhistorieSamiske språkUrsamisk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Elin ØrjasæterKirsti BergstøChristine B. Meyer1977KrysantemumDigital object identifierJapan6AtenDag-Eilev FagermoVatikanstatenSilkeormSagaen om IsfolketIngvild KjerkolSkirennaren Jo EggenTete Lidbom52VMetanol1980Hardingdialekt74Samisk kulturTømmerklaveTornstjertar1948LundefuglPeer Gynt-prisenRøyskattenSogeMario-rollespelDer ingen skulle tru at nokon kunne buKilowattOlt fylkeBrennverdiNorske bilandAsiaRoald DahlAntibiotikumIndiahavet9Asker kommuneMadagaskarLohengrin sjokoladeSlaveStockholms stadshusMoldedialektÆrfuglHellasPanterAristokratiNato-alfabetetSArne Henning ÅrskaugPåskekrimLumina i ConstanțaLiv GulbrandsenBrusselVinstraBlackjackAlessandra MeleLotta i BråkmakergataRådyr66InflasjonKlassekampenAntistoffOregonBodø kommuneByar i Nord-MakedoniaKon-Tiki-ekspedisjonenSør-Sudan20ApeGullKonstantinopel🡆 More