Samanliknande eller komparativ politikk er ei faggrein innan statsvitskapen, som er særmerkt ved sin bruk av samanliknande metode.
Forskarane Seymour Martin Lipset og Stein Rokkan er med sine vitskaplege arbeid rekna som nokre av grunnleggjarane av denne faggreina. Oftast er faggreina underlagd meir ålmenn statsvitskap, men på Rokkans eige universitet, Universitetet i Bergen, har dei eit Institutt for samanliknande politikk, der dette vert undervist i som eit eige fag.
Aristoteles stod attom det som somtid vert kalla den eldste studien i samanliknande politikk, Politikken (Πολιτικα). Han samla inn informasjon om statsskipnaden i over 150 greske bystatar i samtida, og kategoriserte funna etter variablane kor mange som styrde, éin, få eller mange og om styresettet var godt eller dårleg, det vil seia om styret var meint å tena til alle sitt beste eller ei. Denne kategoriseringa gjev eit oversyn over seks slag bystatar:
Talet på styrande | Tener alle sitt beste | Tener ikkje alle sitt beste |
---|---|---|
Éin | Monarki | Tyranni |
Få | Aristokrati | Oligarki |
Mange | Politeia | Demokrati |
Merk at Aristoteles kallar pøbelveldet eller fleirtalsdiktaturet for demokrati, medan politeia er ordet han nyttar om det som ligg nærast det me i dag brukar kalla demokrati: Eit fleirtalsstyre som søkjer tena alle sitt beste.
I nyare tid har ein sette større fokus på kva som utgjer eit demokratisk styresett, og korso det vert til. Forsking innan samanlikande politikk freistar til dømes å svara på:
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Samanliknande politikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.