Provinsen Bolzano, stundom kalla Alto Adige eller Sør-Tyrol (italiensk Provincia autonoma di Bolzano; tysk Autonome Provinz Bozen; ladinsk Provinzia autonòma de Balsan), er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia.
Nasjon | Italia |
Region | Trentino-Alto Adige |
Hovudstad | Bolzano |
Areal | 7 400 km² |
Folketal (2006) | 487 673 |
Folketettleik | 66/km² |
Kommunar | 116 |
Bilnummer | BZ |
Postnummer | 39XXX |
Retningsnummer (tlf) | 0471, 0472, 0473, 0474 |
President | {{{president}}} |
Plasseringa til Bolzano i Italia |
Hovudstaden er byen Bolzano. Han har eit areal på 7 400 km² og totalt 487 673 innbyggjarar (2006). Det er 116 kommunar i provinsen.
Regionen er kjend for fjella sine, som Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.
Provinsen Bolzano ligg heilt nord i Italia og grensar til Austerrike i aust og i nord og til Sveits i vest. Dei italienske provinsane Belluno, Trento og Sondrio ligg høvesvis i søraust, sør og sørvest.
Fjella dominerer landskapet og dei fleste av desse høyrer til Alpane. Den mindre gruppa Ortleralpane vert rekna som sentrum av dei italienske Alpane. Her finn ein fjellet Ortler, med ei høgd på 3 905 meter over havet. Dolomittane er ei anna fjellkjede i provinsen. Fjellet Sciliar (2&nsbp;563 moh.) er ein del av denne fjellkjeda.
Andre fjell i provinsen er
Tysk namn | Italiensk nam | Ladinsk namn | Innbyggartal |
---|---|---|---|
Bozen | Bolzano | Balsan, Bulsan | 103 135 |
Meran | Merano | Maran | 37 673 |
Brixen | Bressanone | Persenon, Porsenù | 20 512 |
Leifers | Laives | 16 964 | |
Bruneck | Brunico | Bornech, Burnech | 15 370 |
Eppan | Appiano sulla Strada del Vino | 14 013 | |
Lana | Lana | 11 120 |
Provinsen Bolzano vart oppretta i 1919 etter at området vart annektert av Italia. Det var tidlegare ein del av Tyrol i Austerrike-Ungarn. Området fekk ein autonom status etter den andre verdskrigen slik at det i dag stort sett er sjølvstyrt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bolzano-provinsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.