Brixen (tysk), Bressanone (italiensk) eller Porsenù (ladinsk) er ein by og ein kommune i provinsen Bolzano/Sør-Tyrol i den autonome regionen Trentino-Alto Adige i Italia.
Kommunen har vel 20 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 84,9 km². Byen ligg ved elva Eisack, 560 meter over havet, om lag 40 kilometer nord for provinshovudstaden Bolzano.
Brixen | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 84,7 km² | ||
Folketal | 22 816 (1. januar 2023) | ||
Brixen 46°43′00″N 11°39′28″E / 46.716549°N 11.657851°E | |||
Wiki Commons: Brixen | |||
73 % av ibuararane i kommunen har tysk til morsmål, medan 26 % er italiensktalande og 1,34 % har ladinsk til morsmål.
Frå 500-talet til 1803 var Brixen eit sjølvstendig fyrstebispedømme som eigde store vidder i nærområda til byen, i tillegg til i Pustertal, Aust-Tirol og Krain. Bispedømmet hadde til 900-talet sete i klosteret Säben ved Klausen, nokre kilometer vest for Brixen. Rundt år 960 vart bispesetet flytta til Brixen.
Fjellklatraren Reinhold Messner og skirennaren Denise Karbon er begge frå Brixen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Brixen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.