Roy Owen Haynes (fødd 13.
mars">13. mars 1925) er ein amerikansk jazztrommeslagar.
Roy Haynes | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 13. mars 1925 (99 år) Boston |
Yrke | trommeslagar, orkesterleiar, dirigent, jazzmusikar |
Nettstad | http://www.myspace.com/royhaynes |
Roy Haynes på Commons |
Haynes byrja si profesjonelle karriere i 1943 i Boston, der han spelte både med mindre grupper og storband. I 1947 byrja han å spele i New York med Lester Young. I tillegg spelte han med Bud Powell og Miles Davis, og i 1949 kom han med i Charlie Parker sitt band. Han heldt fram med Parker i fleire år, og vart kjend for sitt ekspressive og fortetta musikalske uttrykk.
I 1953 byrja Haynes i Sarah Vaughan sitt band, samtidig som han jobba stadig meir frilans med ei rekkje ulike artistar. Han erstatta ofte Elvin Jones i John Coltrane sin kvartett, i tillegg til å jobbe mykje med Thelonious Monk og Eric Dolphy. Seinare spelte han med mellom andre Gary Burton, Chick Corea og Pat Metheny. Sidan 1960-talet har han også sjølv leia fleire ulike band, og han føretrekk no å spele med sine eigne band.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Roy Haynes, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.