Ei rosin er ei drue som er blitt tørka, anten ved å leggja henne i sola eller ved hjelp av eld.
Rosiner vert brukte i baking, matlaging og i gløgg. Rosiner kan òg etast som dei er.
Ein stor konsentrasjon sukker i rosinene gjer dei svært søte på smak. Dersom dei blir lagra lenge kan sukkeret krystallisera seg, noko som gjer dei litt sandete når ein et dei, men ikkje elles påverkar rosinene. Dersom ein legg dei i ei væske eit tid, som alkohol, fruktjus eller kokande vatn, vil det krystalliserte sukkeret løysa seg opp.
Ein særskild type rosin er korint. Liknande tørka frukt er svisker og tørka aprikos.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rosin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.