«Rockstars» (norsk omsetjing 'rockestjerner') er ein tysk pop-rap-låt frå 2022 som er skriven og framført av den tyske songaren og låtskrivaren Malik Harris.
«Rockstars» Song av Malik Harris | ||
Land | Tyskland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 4. februar 2022 | |
Sjanger | Pop, rap | |
Lengd | 02:59 | |
Selskap | Better Now Records, Universal Music | |
Tekstforfattar | Malik Harris | |
Låtskrivar(ar) | Malik Harris, Marie Kobylka, Robin Karow |
---|
Songen vart gjeven ut 4. februar 2022 og vann den tyske songtevlinga Germany 12 Points éin månad seinare. Songen var det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Harris skreiv «Rockstars» etter å ha sett ein episode av favorittprogrammet The Office. I episoden seier karakteren Andy Bernard: «Eg skulle ønskje det var ein måte å vite at du er i 'gode, gamle dager' på – før du faktisk har forlate dei». Harris vart så gripen at dette sitatet at han sette seg ned og skreiv songen «Rockstars». Songen handlar om «gode, gamle dagar» i barndomen og oppveksten til artisten, før «vaksenlivets alvor, tvil og tankar» når ein.
«Rockstars» er skriven saman med Marie Kobylka og Robin Karow, og Harris har produsert han saman med Karow. Songen vart gjeven ut for strøyming og nedlasting 4. februar 2022 på Better Now Records under lisens av Universal.
Nokre veker etter at Harris hadde skrive låten, kom ein kompis av Harris og spurde om han var interessert i å delta i Eurovision Song Contest. Harris tenkte med det same på låten «Rockstars» og meinte denne kunne eigna seg for tevlinga. Han sende songen inn til den tyske ålmennkringkastaren ARD som plukka den ut til å delta i songtevlinga Germany 12 Points, der vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest.
I tevlinga fredag 4. mars 2022 vann «Rockstars» etter å ha fått flest poeng frå tv-sjåarane, og dimed vart «Rockstars» det tyske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest 2022 i Torino laurdag 14. mai. Der enda songen sist av 25 bidrag, med 6 poeng – alle frå tv-sjåarane.
Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40) | 44 |
Litauen (AGATA) | 27 |
Nederland (Single Tip) | 27 |
Storbritannia (UK Download (OCC)) | 36 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 68 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) | 8 |
Tyskland (Deutsche offizielle Charts) | 8 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rockstars av Malik Harris, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.