Reidar Almås (fødd 8.
februar">8. februar 1943 på Korsvegen) er ein norsk sosiolog og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk. Almås er òg ein aktiv kronikør og samfunnsdebattant. Fram til han gjekk av med pensjon var Almås tilsett som seniorrådgivar ved Norsk senter for bygdeforskning på Dragvoll, NTNU, eit forskingssenter han var med å starte i 1982.
Reidar Almås | |||
Fødd | 8. februar 1943 Hølonda kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | Landbruk i Norge, Samdrift | ||
Yrke | sosiolog, faglitterær forfattar | ||
Institusjonar | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Trondheim Universitetet i Bergen |
Almås vart Cand.mag. (1968) ved Universitetet i Trondheim med kjemi, matematikk og historie som fag og Cand.polit. ved Universitetet i Bergen (1973) med sosiologi hovudfag. Her leverte han hovudoppgåve med tittelen «Bonde og meierikapital. Om bakgrunnen for og konsekvensar av meierirasjonalisering». Almås vart dr.philos. i 1980 ved Universitetet i Trondheim med avhandlinga Nye organisasjonsformer i jordbruket, om norsk landbruk og framtida det hadde. Han vart professor II i bygdesosiologi ved Universitetet i Trondheim i 1986.
Sommaren 1975 stod Almås i spissen for den såkalla Hitraaksjonen, der småbønder på Trøndelagskysten gjekk saman om ein skattenektaksjon i protest mot landbrukspolitikken regjeringa førte. Aksjonen fekk mykje merksemd i media, og tvinga styresmaktene til å justere landbrukspolitikken. På denne tida var Almås inspirert av ml-rørsla, og på slutten av 1970-talet var han òg medlem i AKP(m-l).
Almås har forska på tema som blant anna «Arbeidsulykker og yrkesslitasje i landbruket», «Samdrift», «Arbeidsinnvandring til det norske landbruket», «Offentleg dialog om genmodifisert mat» og «Landbrukspolitikk og klimakrise». I 1987 forska han i California og frå 1994 til 1995 studerte han i Paris. Han hadde òg studieopphald i East Lansing i Michigan og i Brisbane i Australia.
All forskinga hans har vore relatert til landbruk og bygdesamfunn, og han har utgjeve fleire bøker om emnet, som blant anna Norges landbrukshistorie Bind IV (2002), Bygdeutvikling (1995), Arbeidsmiljøet i landbruket (1993), Bygdesosiologi (1985) og Norsk jordbruk – det nye hamskiftet (1977). I 2008 vart han vald til president i den internasjonale bygdesosiologiorganisasjonen, International Rural Sociology Association (IRSA).
I 1998-2001 var han med i styringsgruppa i Verdikommisjonen. Almås deltok i 2001 i den tre-delte dokumentaren Norgesbygda som vart send på NRK.
I 2011 utnemnde kong Harald V han til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen hans innan bygdesosiologi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Reidar Almås, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.