Rayman

Rayman er eit fransk plattformvideospel frå 1995 utvikla av Ubisoft.

    Denne artikkelen handlar om det fyrste spelet i Raymanserien. For ei oversikt over serien, sjå Rayman-serien. For spelfiguren, sjå figuren Rayman.

Spelet blei gjeve ut i 1995 til PlayStation og i 1996 til Atari Jaguar, Sega Saturn og MS-DOS. Det var planlagt ein versjon til Sega 32X, men den blei kansellert grunna den korte levetida til konsollen.

Designarane for spelet er Michel Ancel, som var designleiar, Alexandra Steible, som var ansvarleg for karakterane og Vincent Gréco, som var leiande programmerar. Aldersgrensa for spelet er 3 år.

Skildring

Rayman er eit siderullande plattformspel. Spelekarakteren er, som tittelen seier, Rayman, som må reise gjennom seks verder («The Dream Forest», «Band Land», «Blue Mountains», «Picture City», «The Caves of Skops» og «Candy Château») for å frigjere alle dei innesperra «Electoons». Desse er fanga i seks bur som er plassert ein stad på kvart nivå.

Mottaking

Rayman er særs anerkjend for den animerte 2D-grafikken, atmosfæren og lydspora. Det har også fått ros, i tillegg til kritikk, for den høge vanskelegheitsgrada. Spelet selte 900 000 eksemplar på to år. Det er også det mest selte PlayStation-spelet gjennom tidene i Storbritannia, med rundt 5 million selte eksemplar, framfor Tomb Raider II og Gran Turismo.

Arv

Det opphavlige Rayman er kjent for den ekstremt høge vanskelegheitsgrada. Rayman blei fylgt opp av mange vellukka oppfylgjarar som ikkje fortsettar den opphavlige historia. I 1999 kom Rayman 2: The Great Escape ut, etterfylgt av Rayman 3: Hoodlum Havoc i 2003, Rayman: Hoodlum's Revenge i 2005 og Rayman Origins i 2011. Det er også gjeve ut fleire spin-off-spel, som Rayman Arena og Raving Rabbids-serien.

Kjelder

Rayman  Denne dataartikkelen som har med underhaldning å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Rayman SkildringRayman MottakingRayman KjelderRaymanFrankrikeMS-DOSPlattformspelPlayStationSega SaturnUbisoft

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Olivia RodrigoVolda kommuneSexyNoregReggaeLibanonVeneziaAvtaleRussisk rockGenèveBiologisk familieMarokkoFlammepunktKrutCarles PuigdemontAsker kommuneAnatomiske retningsskildringarAlbert ÅbergTraktorVengKrøllparentesKristian IV av Danmark-NoregSuveren statFlaggdagarJakob II av EnglandHøgaste fjella i RanaFolkerepublikken KinaSMS-språkPelle PolitibilIndre KvarøyNazismeOppland fylkeCelsiusStøvsugarTorstein BaeHar SedomHumleTorsdagT-banen i OsloSverigeTerje StrømdahlBetaTom HagenCascadaNazistSosialliberalismeDei fem K-ane i sikhismenSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974BloggJonsereds Fabrikers ABNihilismeKristopher SchauKortnebbgåsAntisemittismeSlumdog MillionaireBergen kommuneLeonardo da VinciSunndalsøraCotangensIvar AasenDiezeUrfolk i USAAndalucíaNorsk ytre språkhistorieHege TunaalNanoteknologiDet nederlandske koloniriketGange-RolvRegnskogJournalistikkTalordBjørn Arild GramAfghanistanDag HammarskjöldAristoteles🡆 More