Rallar eller raller er eit eldre ord for anleggsarbeidar, særleg lausarbeidarar ved bygging av jarnvegar og vasskraftverk.
Ordet kom frå svensk rallare, som i sin tur kjem av dialektordet ralla, 'trillebår'. Grunnen til at det svenske ordet kom inn er at svært mange av dei som arbeidde på norske byggjeprosjekt var svenske. Rallare er ein svensk spelefilm frå 1947, som skildrar rallarlivet ved bygginga av Malmbanan mellom Narvik og Luleå. Rallarvegen ved Bergensbanen har namnet sitt frå rallarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rallar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.