Svarta Björn var truleg Anna Rebecka Hofstad frå Offersøy i Noreg (7.
april 1878–12. oktober 1901). Ho døydde i Tornehamn i Sverige. Historier fortel om Svarta Björn, ei norsk kokke og hushalderske, som arbeidde ved bygginga av Ofotbanen mellom Kiruna og Narvik. Ho vert skildra som høg, mørk, vakker og intelligent.
Svarta Björn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. april 1878 Tjøtta |
Død | 19. september 1900 (22 år) |
Yrke | kjøkkensjef |
Etterkvart er ho blitt nærast legendarisk. Ho var ei av få kvinner i rallarmiljøet og er lyfta opp av mennene rundt seg.
Ho levde eit hardt liv, og døydde berre 23 år gamal, vistnok etter eit slagsmål med ei anna kokke. Tuberkulose kan og ha spela inn på at ho ikkje overlevde. Ho ligg gravlagd på kyrkjegarden i Tornehamn, under ein kvit trekross med inskripsjonen Anna-Norge 12/10 -01
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svarta Björn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.