Radikale Venstre

Det Radikale Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Danmark.

Radikale Venstre er med i Den liberale internasjonale og er søsterparti av Venstre i Noreg. Partiet vart grunnlagt 21. mai 1905. Formannen er Margrethe Vestager. Ved det siste folketingsvalet, i 2011, fekk partiet 9,5 % av røystene og 17 plassar i Folketinget (av 179), og vart dermed fjerde størst. Dette var det beste valresultatet for partiet sidan 1973.

Radikale Venstre
Radikale Venstre
LandDanmark
Partileiar(ar)Svend Thorhauge
Grunnlagt21. mai 1905
HovudkvarterChristiansborg
Medlemstal7 491 (2020)
IdeologiSosialliberalisme, radikal sentrum, proeuropeisk Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme, sentrum-venstre

Politikk

Før folketingsvalet i 2005 markerte Radikale Venstre seg i valkampen mellom anna med sterk motstand mot det som det såg som den framandfiendtlege politikken til den sitjande Venstreregjeringa til Anders Fogh Rasmussen. Det gjekk mellom anna sterkt imot restriksjonane på familiegjenforening med utanlandske ektefellar som regjeringa har innført.

I 2006 vedtok partiet ein framtidsstrategi som det kalla «En anden vej». Der ville partiet framstå som eit reelt alternativ, uavhengig av både den høgreorienterte regjeringa til Fogh Rasmussen og Sosialdemokratane. Partiet avviste samarbeid med Fogh Rasmussen, og ville køyra fram Marianne Jelved som sin statsministerkandidat ved neste folketingsval.[1] Arkivert 2007-02-04 ved Wayback Machine. Denne strategien førte ikkje til suksess.

Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Radikal Ungdom af 1994.

Historie

Valresultat for Radikale Venstre

Val til Folketinget 1960-2007
Årstal Prosent av røystene Mandat
2011 9,5 % 17
2007 5,1 % 9
2005 9,1 % 17
2001 5,2 % 9
1998 3,9 % 7
1994 4,6 % 8
1990 3,5 % 7
1988 5,6 % 10
1987 6,2 % 11
1984 5,5 % 10
1981 5,1 % 9
1979 5,4 % 10
1977 3,6 % 6
1975 7,1 % 13
1973 11,2 % 20
1971 14,4 % 27
1968 15,0 % 27
1966 7,3 % 13
1964 5,3 % 10
1960 5,8 % 11

Partileiarar

  • Jørgen Hald, 1905-1914
  • Kr. Tovborg Jensen, 1914-1920
  • Anders Larsen, 1920-1921
  • Ole Troelsen, 1921-1922
  • Erik Scavenius, 1922-1924
  • N.P. Andreasen, 1924-1929
  • Martin Sørensen, 1929-1936
  • N.C. Andersen, 1936-1937
  • Hans Jeppesen, 1937-1960
  • Helge Pedersen, 1960-1964
  • Søren Bjerregaard, 1964-1971
  • Asger Baunsbak-Jensen, 1971-1974
  • Gunnar Skov Andersen, 1974-1976
  • K. Helveg Petersen, 1976-1978
  • Thorkild Møller, 1978-1993
  • Margrethe Vestager, 1993-1997
  • Johannes Lebech, 1997-2000
  • Lone Loklindt, 2000-2001 (fungerande)
  • Søren Bald, 2001-

Statsministrar frå Radikale Venstre

  • Carl Theodor Zahle, 1909-1910 og 1913-1920
  • Erik Scavenius, 1942-1943
  • Hilmar Baunsgaard, 1968-1971

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Radikale Venstre PolitikkRadikale Venstre HistorieRadikale Venstre KjelderRadikale Venstre BakgrunnsstoffRadikale Venstre1905201121. maiDanmarkDen liberale internasjonaleNoregPolitisk partiSosialliberalismeVenstre

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HolometaboliDion DiMucciSjørosePeriferieininga KárpathosPhilly Joe JonesBuddhismenIdrettslaget SørfjellNorsk ytre språkhistorieHåkan LoobMuldyrNigerien Air Base 201FranskSovjetisk kulturBritiske monarkarKlitorisHimmelretningPaleocen-eocen-termalmaksimumetKill CityFinnøyBarack ObamaDet norske statsflaggetTwitterInuittisk kulturNordsamiskStorbritanniaSvaNew York-børsenSexyPilegrimLill LindforsQueenPlacozoarRasmus HanssonAdolf HitlerOlaf BullRelease Me (1949)DomenetapQatarsk riyalNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1979BrusselTremoloStore norske leksikonGrunnstoffliste etter atomnummerBjörn SkifsNokie EdwardsMuflonFrostkjensleFAOTysklandApeHindiMusikkgruppa GåteTastaturoppsettDa vidnaHangöEli RyggSogn og Fjordane fylkePokémon GoBergenAl KooperDanmarkKárpathosKopplamMark St. JohnRadioheadCristiano RonaldoGroove ArmadaLibanonCarles PuigdemontEric ClaptonRundeKjell WestöNasjonaldyrNoregHalloEagles🡆 More