Private Dancer er det femte studioalbumet til Tina Turner.
Private Dancer Studioalbum av Tina Turner | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. mai 1984 | |
Innspelt | 1983–1984 | |
Sjanger | Pop, rock, new wave, R&B | |
Lengd | 44:02 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Terry Britten, John Carter, Leon «Ndugu» Chancler, Wilton Felder, Rupert Hine, Joe Sample, Greg Walsh, Martyn Ware | |
Tina Turner-kronologi | ||
---|---|---|
Love Explosion (1979) | Private Dancer | Mad Max Beyond Thunderdome (1985) |
Singlar frå Private Dancer | ||
|
Det var debutalbumet hennar for plateselskapet Capitol Records og kom ut i mai 1984. Plata vart spelt inn fleire stader i England med fire forskjellige produksjonsteam, inkludert Rupert Hine, og Martyn Ware og Ian Craig Marsh frå Heaven 17. Det var ei radikalt ny retning frå rhythm and blues-stilen Turner hadde spelt med den eks-mannen og den tidlegare partneren Ike Turner. Songane på albumet er ei blanding av livlege songar og balladar, som hovudsakleg er inspirerte av pop og rock, med element av smooth jazz og R&B.
Etter fleire krevjande år som soloartist etter skilsmissen med Ike, gjorde Private Dancer Turner til ei stor solostjerne, og ein av dei mest seljelege crossover-songarane i plateindustrien. Plata vart ein verdsomfattande suksess og selde til fleire platinaplater i Australia, Canada, Tyskland, Storbritannia og USA. Til i dag er dette det bestseljande albumet hennar i Nord-Amerika. Det vart gjeve ut sju singlar frå Private Dancer, inkludert «What's Love Got to Do with It», «Better Be Good to Me», «Private Dancer» og «Let's Stay Together». Plata fekk god kritikk av musikkpressa då det kom ut og ein hylla energien og den rå kjensla som Turner gav dei glatt produserte pop- og rocksongane. Albumet står att som albumet som mjuka opp den rå southern soul-stilen hennar og skapte eit «landmerke» i «utviklinga av pop-soul-musikk». Albumet vart marknadsført gjennom 1985 med 177 konsertar verda over under Private Dancer-turneen.
John Carter i Capitol Records har fått æra for å ha relansert karrieren til Tina Turner i 1980-åra. I 1983, trass i motstand i Capitol, fekk ho platekontrakt og gav ut albumet Private Dancer. Sjølve albumet vart produsert i England med fleire forskjellige produsentar.
«Let's Stay Together» vart produsert av Martyn Ware og Ian Craig Marsh frå det britiske bandet Heaven 17. Terry Britten produserte den reggae-aktige «What's Love Got to Do with It». Rupert Hine produserte «Better Be Good to Me», som vart skriven av Holly Knight, Mike Chapman, og Nicky Chinn dei fleste andre songane. John Carter produserte «Private Dancer», som vart skriven av Mark Knopfler med gitarsolo av Jeff Beck. «Ball of Confusion», ein versjon av The Temptations-songen, var det første samarbeidet til Turner med produksjonsgruppa B.E.F. (British Electric Foundation)/Heaven 17 og ein del av samarbeidet deira i 1982 på albumet Music of Quality and Distinction Volume One. Denne var ikkje med på albumet Private Dancer. Ei innspeling av Sam Cooke sin «A Change Is Gonna Come» frå den same innspelinga kom sidan ut i ny miks på B.E.F. sitt Music of Quality and Distinction Volume Two i 1991. «Help!» vart spelt inn med The Crusaders.
Albumet kom ut den 29. mai 1984 og vart ein enorm suksess. Private Dancer har seld til 5 × platina (5 millionar eksemplar) i USA og selde kring 250 000 eksemplar i veka i løpet av to månader. I alt reknar ein med at albumet har seld kring 20 millionar eksemplar verda over.
Albumet inneheld fleire suksessrike singlar, som «What's Love Got to Do with It», som gjekk til topps i USA og låg på toppen i tre veker. Under Grammy-prisen i 1985 vann Private Dancer fire av seks prisar det var nominert til. Ikkje mindre enn sju enn dei ti songane på albumet (ni i USA) vart gjevne ut som singlar: «Let's Stay Together», som nådde topp 10 i Storbritannia og topp 30 i USA, «Help!»; «What's Love Got to Do with It"; «Better Be Good to Me»; «Private Dancer»;, «I Can't Stand the Rain» og «Show Some Respect» (1985).
I 1997 gav EMI, hovudselskapet til Capitol Records, ut ei Centenary Edition av Private Dancer med ny digital lyd på CD, og det kom då ut med fire demospor spelte inn seint i 1983 og tidleg i 1984 med produsenten John Carter. Dei vart først gjevne ut som B-sider til somme av singlane frå Private Dancer, i tillegg til tre lengre 12" miksar. Albumet er det einaste av Tina Turner sine studioalbum som har blitt gjeve ut med ny digital lyd.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
Robert Christgau | A- |
Kritikarane var positive til albumet. Los Angeles Times meinte at stemma hennar «smeltar vinyl». Debby Miller skreiv i juli 1984 i Rolling Stone at ho meinte albumet var eit mektig comeback, og at stemma til Turner var «hes, men kraftig», og at alle songanr var gode i ein «moderne rockesetting» som var «verken frittståande eller særs masete». Robert Christgau meinte at ho klarte å levere ærleg «angsten til gjennomsnittsmenneske i nyare tids profesjonell låtskriving» og hadde kontrollen over eit album med fire forskjellige produksjonslag som gav det ein «saumlaus autoritet».
Det vart halde 177 konsertar for å marknadsføre albumet den 8. februar 1985 til 28. desember 1985, kalla Private Dance-turneen. Denne bestod av 60 konsertar i Europa, 105 i Nord-Amerika, ti i Australia og to i Japan. Oppvarmingsartistar i Nord-Amerika var mellom andre Glenn Frey og Mr. Mister. I tillegg til songar frå albumet spelte Turner hittar frå tida si med Ike & Tina Turner, som «River Deep – Mountain High», «Nutbush City Limits» og «Proud Mary».
Alex Henderson skreiv i ei nyare melding for AllMusic at albumet var glattare enn R&B-klassikarane ho spelte inn med Ike & Tina TUrner, men ho klarte likevel å synge med ein ru lidenskap det som var ein av dei finaste soloplatene hennar. Stephen Holden skreiv i The New York Times at med å bruke engelske produsentar som mjuka opp den rå Southern soul-stilen hennar, utan «larmande blåsarar, vill perkusjon og gospelkor», vart albumet eit «landemerke» i «utviklinga av pop-soul-musikk».
Michael Lydon skreiv i Robert Dimery sin 1001 Albums You Must Hear Before You Die at tekstane på albumet tok inn den personen hennar som «tøffe, sexy kvinna som har gått livets skule», og at vokalen hennar overgår den glatte produksjonen, med «utemmeleg sjel» som samlar dei mange produsentane. I 1989 vart albumet rangert på 46. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 2003 hamna albumet på 95. plassen på lista til fjernsynskanalen VH1 over dei beste albuma gjennom tidene. Slant Magazine sette albumet på 63. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1980-åra og sa «Private Dancer var både ei personleg frigjering og ei lydmessig forsoning, som ikkje berre etablerte Turner som ein genuin diva, men som ei verkeleg naturkraft».
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Might Have Been Queen» (Hine, Obstoj) | 4:10 |
2. | «What's Love Got to Do with It» (Britten, Lyle) | 3:49 |
3. | «Show Some Respect» (Britten, Shifrin) | 3:18 |
4. | «I Can't Stand the Rain» (Bryant, Miller, Peebles) | 3:41 |
5. | «Better Be Good to Me» (Chapman, Chinn, Knight) | 5:10 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Let's Stay Together» (Green, Jackson, Mitchell) | 5:16 |
7. | «1984» (David Bowie) | 3:09 |
8. | «Steel Claw» (Brady) | 3:48 |
9. | «Private Dancer» (Knopfler) | 7:11 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Might Have Been Queen» | Jeanette Obstoj, Rupert Hine, Jamie West-Oram Tina Turner* | 4:10 |
2. | «What's Love Got to Do with It» | Terry Britten, Graham Lyle | 3:48 |
3. | «Show Some Respect» | Britten, Sue Shifrin | 3:18 |
4. | «I Can't Stand the Rain» | Ann Peebles, Don Bryant, Bernard Miller | 3:41 |
5. | «Private Dancer» | Mark Knopfler | 7:11 |
6. | «Let's Stay Together» | Willie Mitchell, Al Green, Al Jackson jr. | 5:16 |
7. | «Better Be Good to Me» | Holly Knight, Nicky Chinn, Mike Chapman | 5:11 |
8. | «Steel Claw» | Paul Brady | 3:48 |
9. | «Help!» | John Lennon, Paul McCartney | 4:30 |
10. | «1984» | David Bowie | 3:09 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «I Wrote a Letter» («Let's Stay Together» b-side) | Inga Rumpf | 3:24 |
12. | «Rock 'n Roll Widow» («Help» b-side) | Tom Snow | 4:45 |
13. | «Don't Rush the Good Things» («What's Love Got To Do With It» b-side) | Neil Gammack | 3:46 |
14. | «When I Was Young» («Better Be Good To Me» b-side) | Eric Burdon, Victor Briggs, John Weider, Danny McCulloch | 3:11 |
15. | «What's Love Got to Do with It» (Extended 12" Remix) | Britten, Lyle | 5:48 |
16. | «Better Be Good to Me» (Extended 12" Remix) (edit) | Knight, Chinn, Chapman | 7:03 |
17. | «I Can't Stand the Rain» (Extended 12" Remix) | Peebles, Bryant, Miller | 5:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Ball of Confusion (That's What the World is Today)» (med B.E.F.) | |
2. | «I Wrote a Letter» («Let's Stay Together» b-side) | |
3. | «Rock 'n Roll Widow» («Help» b-side) | |
4. | «Don't Rush the Good Things» («What's Love Got To Do With It» b-side) | |
5. | «When I Was Young» («Better Be Good To Me» b-side) | |
6. | «Keep Your Hands Off My Baby» («Private Dancer» b-side) | |
7. | «Tonight» (Live with David Bowie) (Live at The NEC, Birmingham) | |
8. | «Let's Pretend We're Married» (Live) | |
9. | «What's Love Got to Do with It» (Extended 12" Remix) | |
10. | «Better Be Good to Me» (Extended 12" Remix) (edit) | |
11. | «I Can't Stand the Rain» (Extended 12" Remix) | |
12. | «Show Some Respect» (Extended Mix) | |
13. | «We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» (Single Edit) | |
14. | «One of the Living» (Single Remix) | |
15. | «It's Only Love» (med Bryan Adams) |
|
|
|
|
Vekeslister
| Årslister
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada) | 7× Platina | 700 000^ |
Finland (Musiikkituottajat) | Gull | 33,464 |
Frankrike | Gull | 108,400 |
Tyskland (BVMI) | 5× Gull | 1 250 000^ |
New Zealand (RMNZ) | Platina | 15 000^ |
Spania(PROMUSICAE) | Platina | 100 000^ |
Storbritannia (BPI) | 3× Platina | 900 000^ |
USA (RIAA) | 5× Platina | 5 000 000^ |
Oppsummering | ||
Verda | 20,000,000 | |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
År | Vinnar | Kategori |
---|---|---|
1985 | "Better Be Good to Me" | Best Female Rock Vocal Performance |
1985 | "What's Love Got to Do with It?" | Best Female Pop Vocal Performance |
1985 | "What's Love Got to Do with It?" | Record of the Year |
1985 | "What's Love Got to Do with It?" | Song of the Year |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Private Dancer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.