Eit polart lågtrykk er eit småskala og kortvarig lågtrykk som ein finn over havområde på polsida av polarfronten på både nordlege og sørlege halvkule.
Systema har vanlegvis ein horisontal lengdeskala som er mindre enn 1000 km og kan vare frå 6 timar til eit par dagar. Polare lågtrykk er ofte vanskeleg å oppdage sidan dei som regel oppstår i polare havområde der det er langt mellom observasjonane, og ofte er for små til å fangast opp av vanlege vêrmodellar. Ein oppdagar dei derfor ofte ikkje før dei kan observerast på satellittbilete, og dei utgjer derfor ein fare for skipstrafikk og gass- og oljeplattformar.
Polare lågtrykk går under fleire namn, som kommaskyer, mesosyklonar, polare mesoskala kvervlar, arktiske orkanar, arktiske lågtrykk og kaldluftslågtrykk. I dag vert uttrykket «polart lågtrykk» brukt om kraftige lågtrykkssystem med vind på minst stiv kuling (15 m/s).
Polare lågtrykk vart først oppdaga då satellittbilete vart tilgjengelege på 1960-talet som småskala skykvervlar på høge breidder. Dei mest aktive polare lågtrykka finn ein i dei isfrie havområda i og nær Arktis om vinteren, som Norskehavet, Barentshavet, Japanhavet og Alaskabukta. Kvart år oppstår det 5-15 polare lågtrykk i havområda utanfor Nord-Noreg, men kan innimellom gå så langt sør som til Nordsjøen. Nær Antarktis er som regel dei polare lågtrykka svakare enn i nord sidan temperaturskilnaden mellom lufta og sjøen er mindre. Ein kan likevel få kraftige polare lågtrykk òg i Sørishavet.
Polare lågtrykk oppstår i horisontale temperaturgradientar gjennom baroklin instabilitet. Luftlaget like over havoverflata er mykje varmare enn den iskalde lufta som strøymer ut frå iskanten. Dette skapar svært ustabile luftlag, og den varme lufta stig.
Polare lågtrykk treng visse vilkår for å oppstå:
Polare lågtrykk kan ha forskjellig utsjånad, men kan hovudsakleg settast i to forskjellige grupper. Den første er spiralforma skyband som krinsar rundt senteret av lågtrykket. Enkelte polare lågtrykk liknar på tropiske syklonar med kraftige toreskyer rundt eit skyfritt «auge». Dette er årsaka til at polare lågtrykk òg vert kalla arktiske orkanar. Desse systema er mest vanleg nær iskanten. Den andre gruppa inneheld lågtrykk forma som eit komma, som ein ofte finn i system som oppstår nærare polarfronten.
Når lågtrykka går innover land mistar dei raskt styrken sin, men i det dei kjem inn mot kysten kan ein få kraftig vind og snøfall òg på land. Sidan polare lågtrykk er vanskeleg å varsle, kjem både vinden og snøfallet ofte uventa på, og ofte kan det komme til dels store snømengder. I tillegg kan ein vente hagl og av og til torevêr. Vindstyrken kan variere frå 15 m/s til 32 m/s (orkan). Kraftig vind kan føre til grov sjø og ising på installasjonar og skip til havs.
Polare lågtrykk er svært vanskelege å varsle, sjølv for erfarne meteorologar. Dei meteorologiske prognosemodellane har enno for dårleg horisontal og vertikal oppløysing til å fange opp desse små systema. Dermed kan ein som regel ikkje varsle dei før allereie har byrja å utvikle seg, og ein kan oppdage dei på satellittbileta. Før satellittbileta kom kunne lågtrykka passere mellom observasjonane og kome brått og overraskande på både meteorologar og skip, noko som i fleire tilfelle har endt katastrofalt. Metoden ein brukar i dag vert kalla nowcasting, og baserer seg hovudsakleg på satellittbileter og luftstraumen i midten av troposfæren. Denne luftstraumen styrer kva retning lågtrykket vil gå. Dette grunnlaget for varsling av polare lågtrykk er derimot svært lite, særleg med tanke på å vite kor sterk utviklinga vert. Her i Noreg er meteorologane på vakt når ein har omfattande nordleg vind (såkalla kaldluftsutbrudd) om vinteren. Dette er eit av dei første teikna på at polare lågtrykk kan utvikle seg.
Dei siste åra har ein fått betre satellittar som kan måle vindstyrken over havområde. Dette kan vere ei stor hjelp til å oppdage polare lågtrykk og avgjere styrken deira.
Polare lågtrykk og tropiske syklonar har fleire likskapar, og det er ein av årsakene til at polare lågtrykk og har blitt kalla «arktiske orkanar». Begge krev ei havoverflata som er varmare enn lufta over for å utviklast, og begge har havet og den stigande fuktige lufta som den viktigaste energikjelda. Dermed vil begge raskt svekkast når dei kjem over land. Ofte har dei òg liknande utsjånad, og begge kan ha eit skyfritt «auge» i sentrum. Polare lågtrykk har kraftig bygenedbør og sterk vind, men ikkje i same grad som tropiske syklonar. Skilnaden er derimot at tropiske syklonar oppstår på mykje større skala og har større intensitet. Tropiske syklonar krev havoverflatetemperatur på 27°C for å oppstå, medan polare lågtrykk krev kald luft i 5 km høgd (-40°C).
Syklonar og antisyklonar |
---|
Ekstratropisk syklon — Mesosyklon — Polarsyklon — Polart lågtrykk — Subtropisk syklon — Tropisk syklon |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Polart lågtrykk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.