Stiv kuling er vindstyrke 7 i Beaufortskalaen og den midterste av kulingkategoriane.
Vindsnøggleiken er 13,9 til 17,1 m/s eller 51-62 km/t for stiv kuling. Den eldre sjønemninga var trereva kuling.
Heile tre rører på seg. Det er tungt å gå mot vinden.
I motvind må ein lute seg fram over skia og legge stor kraft i stavtaka, sjølv på flat mark. Det kan vere vanskeleg å halde seg på beina i vindkasta. Snøfokk set ned sikta til få hundre meter. Det kan vere vanskeleg å orientere seg i terrenget. Ein skitur i stiv kuling er ein stor påkjenning på dei fleste.
Sjøen hopar seg opp til bølgjehøgder på 4,5-5 meter og kvitt skum som dannast frå bølgjetoppane som bryt, byrjar å blese i strimer i vindretninga.
Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Hård vind (på land), styv kuling/kultje (til sjøs) |
Dansk | Stiv kuling |
Færøysk | Hvassur vindur |
Islandsk | Allhvasst |
Engelsk | High wind, moderate gale eller near gale |
«stiv_kuling» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stiv kuling, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.