Ei platte er ein dekorert tallerken eller ei skål laga for å henge på veggen til pynt.
Platter kan vera av porselen eller fajanse.
Juleplatter er platter som er laga i samleseriar, ei ny til kvar jul. Mange humanitære organisasjonar har laga eller lagar samlarplatter som er selde kvart år til inntekt for arbeidet i organisasjonen.
I Danmark laga Den Kongelige Porcelænsfabrik dei fyrste plattene med dagsaktuelle motiv for opphenging på vegg i 1888, og i 1895 sende Bing & Grøndahl ut den fyrste juleplatta. Porsgrunds Porselænsfabrik lagde dei fyrste minneplattene i 1898 i samband med landsutstillinga i Bergen. Ved unionsoppløysinga i 1905 vart det laga særleg mange minneplatter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Platte, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.