Porselen er eit sterkt, vanlegvis kvitleg keramisk materiale som blir brukt i samanhengar der ein treng eit hardt, solid og formbart materiale.
Det er motstandsdyktig mot kjemisk påverking og varmesjokk, og kan minna om glas fordi det er gjennomskinneleg og skjørt. Porselen blir som oftast laga ved at ein varmer leiretypen kaolin og knust feltspat, ein type stein, til temperaturar mellom 1 200 °C og 1 400 °C i ein keramikkomn. Ein finn særleg porselen i servise, baderomsmøbel, fliser, som falske tenner og som elektrisk isolator.
Namnet porselen kjem frå likskapen til kauri-skjel, på eldre italiensk porcellana, 'som ei lita purke (gris)'.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Porselen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.