Fajanse er ein type keramisk gods.
Kjenneteiknet på fajanse er ein blyglasur som er tilsett tinnoksid, noko som gjer glasuren ugjennomsiktig (opak) kvit. Godset under glasuren er eit porøst leirgods, ofte med guleg farge.
Ordet fajanse kjem truleg frå den italienske byen Faenza der det frå 1400-talet var rik fajanseproduksjon.
Fajanse har i norsk også vorte brukt om engelsk flint, eit kvitt gods med gjennomsiktig glasur, til dømes gods frå Egersund Fayancefabrik som aldri har produsert fajanse av den eigentlege sorten.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fajanse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.