Pitcairn (engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen) er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium.
Arealet er 62 km² og folketalet 47 i 2021. Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²).
Flagg | Våpen |
Status | Britisk oversjøisk territorium |
---|---|
Mayor | Simon Young |
Hovudstad | Adamstown |
Offisielt språk | Engelsk, pitkern |
Areal - % vatn | 62 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt | ca. 47 (2021) |
Verdsdel | Oseania |
Internet-domene | .pn |
Tidssone | UTC -08:00 |
Internasjonal telefonkode | +64 |
Nasjonalsong |
Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790. I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overfolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pitcairn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.