Tahiti er den største av øyane i Fransk Polynesia sør i Stillehavet.
Øya ligg ved 17° 40' sørleg breidd, 149° 30' vestleg lengd, om lag halvvegs mellom Australia og Sør-Amerika. Øya er kjend for å ha gjeve inspirasjon og motiv til kunstnaren Paul Gauguin.
Hovudstaden Papeete ligg på den nordvestlege kysten. Øya er ca. 45 km på sitt breiaste og dekker eit areal på 1 042 km². Det høgaste punktet, Orohona-toppen, måler 2 241 m.o.h.
Vegetasjonen på øya er regnskog og klimaet er mildt tropisk, med regntid frå november til og med april. I tillegg til å vera den største øya i Fransk Polynesia har ho og flest folk, med rundt 70 % av innbyggjarane i området.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tahiti, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.